Pasient- og pårørandeopplæring
Helse Møre og Romsdal tilbyr opplæring og kurs for pasientar og pårørande innanfor ulike diagnosegrupper både individuelt og i grupper.
Visste du at Helse Møre og Romsdal tilbyr kurs- og gruppetilbod for brukarar, pasientar og pårørande?
Det fins over 120 ulike kurs- og gruppetilbod i fylket vårt. Lærings- og meistringstilboda finn stad ved dei fire sjukehusa i fylket, er oftast i grupper og fleire av tilboda er digitale der du kan delta uavhengig kor du bur. Du finn informasjon om pasient- og pårørandeopplæring, dine rettar og kurstilboda ved å klikke på den grøne boksen nedst i artikkelen. Du finn alle tilboda ved å klikke på kurskatalogen til HMR. Søk gjerne opp på aktuell diagnose relevant for deg.
Eit av tilboda vi ønsker å trekke fram er tilbod for pasientar med osteoporose ved Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus. Ver merksam på at du som regel treng tilvising frå fastlegen din eller behandlar i spesialisthelsetenesta til kurstilboda. Etterspør gjerne dette neste gong du har ein time!
Helseføretaket er i prosess med innføring av journalsystemet Helseplattformen. Det vil likevel bli gjennomført kurs- og gruppetilbod tilnærma normalt og vi ønsker tilvising til kursa som normalt. Det kan vere at nokre kurs vert flytta på eller utsatt.
Formålet med lærings- og mestringstilbud er at pasientar, brukarar og pårørande skal
Har du spørsmål eller behov for å snakke med ein av rådgjevarane ved Lærings- og meistringssenteret kontakt:
Volda sjukehus: Rådgivar Camilla Kleppe Eidså, tlf. 90 53 13 24
Ålesund sjukehus: Rådgivar Jenni-Mari Dimmen, tlf. 90 55 19 30Helse Møre og Romsdal tilbyr opplæring og kurs for pasientar og pårørande innanfor ulike diagnosegrupper både individuelt og i grupper.