Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasient- og pårørandeopplæring for Nordmøre og Romsdal hausten 2023

Visste du at Helse Møre og Romsdal tilbyr opplæring og kurs for brukarar, pasientar og pårørande?

Publisert 24.08.2023
Sist oppdatert 17.01.2024
Hender som held i ein brosjyre
Foto: Simen Gald

​Har du eller kjenner du nokon som har ei helseutfordring? 

Det fins over 120 ulike kurs- og gruppetilbod i fylket vårt. Lærings- og meistringstilboda finn stad ved dei fire sjukehusa i fylket, er oftast i grupper og fleire av tilboda er digitale der du kan delta uavhengig kor du bur. Du finn informasjon om alle tilboda ved å klikke på kurskatalogen til HMR eller den grøne boksen nedst i artikkelen. 

Eit av tilboda vi ønsker å trekke fram komande haust er Artrosekurs ved Kristiansund sjukehus samt Osteoporosekurs og diabetes type 2-kurs ved Molde sjukehus som du kan søke opp i katalogen. Ver merksam på at du som regel treng tilvising frå fastlegen din eller behandlar i spesialisthelsetenesta til kurstilboda. Etterspør gjerne dette neste gong du har ein time! 

Meir om lærings- og meistringstilbod 

Formålet med lærings- og mestringstilbud er at pasientar, brukarar og pårørande skal 

  • få informasjon, kunnskap og bistand til å handtere sjukdom og endringar i helsa 
  • førebygge eller hindre utvikling av sjukdom og funksjonsnedsetting 
  • gi støtte til endring av levevanar for å fremje fysisk og psykisk helse 
  • understøtte pasient og brukar sin eigen læringsprosess (henta frå Helsedirektoratet

Lærings- og meistringssenteret (LMS) ønsker å tilrettelegge for at alle som har behov får eit tilbod om opplæring. Det er fagpersonar og helsepersonell ved  dei ulike sjukehusavdelingane som er fagleg ansvarlege for opplæringstilbodet. LMS er ein støttespelar i arbeidet i likeverdig samarbeid med helsepersonell og erfarne brukarrepresentantar som har kjennskap til korleis det kan vere å leve med den gitte helseutfordringa eller diagnosen. 
 

Har du spørsmål eller behov for å snakke med ein av rådgjevarane ved Lærings- og meistringssenteret kontakt: 

Molde sjukehus: Astrid Ljøkjell Solem, tlf. 93 09 18 16 eller
Camilla Slutås Lund, tlf.  41 68 45 64   

Kristiansund sjukehus: Monica Renate Hoem, tlf.​​​ 71 12 09 99
Plakat Molde haust 23

Plakat utvalte kurs Molde

Plakat Kristiansund

Plakat utvalte kurs Kristiansund

Kurs og gruppetilbod for pasientar og pårørande

Her finn du ei oversikt over opplæringstilbod knytt til læring og meistring i Helse Møre og Romsdal. Du kan søke og filtrere for å finne aktuelt tilbod for deg.
Sjå oversikt over kurs og opplæringstibod
Hybridkurs Rauma/Molde