Pasient og pårørandeopplæring i haust

Helse Møre og Romsdal tilbyr opplæring og kurs for pasientar og pårørande innanfor ulike diagnosegrupper både individuelt og i grupper. Les meir om tilboda som er tilgjengelege.

Publisert 25.08.2022
En person som holder en bok
Deltakar på kurs

Mange ulike kurs i haust

Svært mange avdelingar tilbyr oppfølging gjennom kurs og gruppeopplæring. Målet med opplæringa og lærings- og mestringstilbod er at du skal lære om helseutfordringa di og korleis du kan meistre kvardagen betre. I kurskatalogen på nett er dei fleste tilboda i fylket samla:

Oversikt over kurs og gruppeti​lbod i H​MR 2​022

I katalogen kan du til dømes søke på stad eller behandling. Den gir ei god oversikt over tilboda som fins i helseføretaket. Det kan vere kurs eller gruppeopplæring for personar med ei spesiell diagnose, pårørande eller helsepersonell. Det er viktig å merke seg at ein del av kurstilboda også er digitale, så du kan verte henvist til dei uavhengig kvar du bur.

Klikk deg inn på det enkelte kurstilbodet og finn mellom anna informasjon om dato, kvar tilvisinga skal sendast eller korleis du kan kome i kontakt med kursansvarlege.

Klikk her for meir informasjon om pasient og pårørandeopplæring

Ei hovudoppgåve

Opplæring av pasientar og pårørande er ein av helseføretaka sine fire hovudoppgåver. I nasjonale helseplanar og i Helse Midt-Norge sin strategi fram mot 2030 leggast det til rette for at pasientane i større grad har moglegheit for å verte ein del av behandlingsteamet. Pasientar og pårørande må då få informasjon og opplæring som gjer dei i stand til å meistre eigen sjukdom og situasjon. 

Lærings- og meistringssenteret (LMS) i HMR jobbar for å gjere opplæringstilbod kjent og utvikle likeverdige læringstilbod i samarbeid med brukarar og helsepersonell.
Følg gjerne LMS på Instagram: lms_hmr eller klikk på kontaktinformasjonen under. 


Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal

Lærings- og meistringssenteret (LMS) jobbar for at pasientar, brukarar og pårørande skal få informasjon, kunnskap og hjelp til å handtere og meistre langvarig sjukdom og endringar i helsa si.
Kontakt oss
Tilsette ved Lærings- og meistringssenteret