Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasient- og pårørandeopplæring våren 2023

Helse Møre og Romsdal tilbyr opplæring og kurs for brukarar, pasientar og pårørande innanfor ulike diagnosegrupper både individuelt og i grupper. Sjekk ut tilboda som er tilgjengelege.

Publisert 16.01.2023
Sist oppdatert 16.05.2023
Illustrasjonsbilete frå Stioffskiftekurs
Bilete frå hybridkurs - Stoffskifte

Ulike tilbod for ulike diagnosegrupper

Svært mange avdelingar tilbyr oppfølging gjennom kurs og gruppeopplæring. Målet med opplæringa og lærings- og mestringstilbod er at ein skal lære korleis ein kan meistre kvardagen betre med ulike helseutfordringar. Å vite om kva for tilbod som fins er viktig for brukarar/pasientar og pårørande samt relevante brukarorganisasjonar. Det er også viktig for helsepersonell og behandlarar som kan tilvise brukarar til tilboda. I kurskatalogen på nett finn du dei fleste tilboda i fylket samla:

Kurskatalog

Oversikt over kurs og gruppeti​lbod i H​MR 2​023

I katalogen kan du til dømes søke på stad eller behandling. Det kan vere kurs eller gruppeopplæring for personar med ei spesiell diagnose, pårørande eller helsepersonell. Det er viktig å merke seg at ein del av kurstilboda også er digitale, så du kan verte henvist til dei uavhengig kvar du bur.

Klikk deg inn på det enkelte kurstilbodet og finn mellom anna informasjon om dato, kvar tilvisinga skal sendast eller korleis du kan kome i kontakt med kursansvarlege.


Teamkoordinator Astrid Ljøkjell Solem ved Lærings- og meistringssenteret (LMS) er nøgd med at ein har klart å oppretthalde god kursaktivitet i 2022 og samstundes også prioritere arbeid med å utvikle og breidde tilbod. Eit døme på dette var
Stoffskiftekurs frå Molde​ som i juni vart sendt digitalt til alle dei andre sjukehusa samstundes. 

I desse dagar sender LMS også ut oversikter/plakatar over tilboda ved dei enkelte sjukehusområda til legekontor, kommunar, apotek, brukarorganisasjonar, sjukehusavdelingar og andre aktuelle samarbeidspartar. Kontakt gjerne ein av rådgjevarane ved spørsmål.

Klikk her for meir informasjon om pasient og pårørandeopplæring

Du kan også følge LMS på Instagram: lms_hmr 

Ei hovudoppgåve

Opplæring av pasientar og pårørande er ein av helseføretaka sine fire hovudoppgåver. I nasjonale helseplanar og i Helse Midt-Norge sin strategi fram mot 2030 leggast det til rette for at pasientane i større grad har moglegheit for å verte ein del av behandlingsteamet. Pasientar og pårørande må då få informasjon og opplæring som gjer dei i stand til å meistre eigen sjukdom og situasjon. 

Lærings- og meistringssenteret arbeider for å gjere opplæringstilbod kjent og utvikle likeverdige læringstilbod i samarbeid med brukarar og helsepersonell. Ein arbeider også for at tilbod skal bli ein integrert del av ulike pasientforløp.​​

Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal

Lærings- og meistringssenteret (LMS) jobbar for at pasientar, brukarar og pårørande skal få informasjon, kunnskap og hjelp til å handtere og meistre langvarig sjukdom og endringar i helsa si.
Kontakt oss
LMS+ROPP for web 2022.jpg