Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tilbod til deg som har hjertestartar

Det var ein nøgd gjeng som før sommarferien arrangerte kurs for personar som har fått operert inn hjertestartar. Dette er første gong ein kunne tilby kurset ved Ålesund sjukehus og ein er glade for at det vert nytt tilbod allereie i september.

Publisert 07.08.2023
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Frå v. kardiologisk sjukepleiar Elisabeth Flem og Elisabeth Solheim ved hjertepoliklinikk Ålesund og Espen Ervik, rådgivar ved Lærings- og meistringssenteret

Dersom du har hatt hjertestans, eller du har eller kan få former for farlig hjerterytme, kan det vere behov for å implantere ein hjertestartar (ICD). ​I Helse Møre og Romsdal tilbyr ein ​kurs for personar som har hjertestartar og deira pårørande ved både Ålesund og Molde sjukehus. ​​​Kurset i Ålesund gjeld pasientar tilhøyrande både Volda og Ålesund sjukehusområde og tilbodet i Molde dekker heile nordsida av fylket.

Kardiologisk sjukepleiar Elisabeth Flem og Elisabeth Solheim ved medisinsk poliklinikk, Ålesund og Espen Ervik, rådgivar ved Lærings- og meistringssenteret er arrangørar av tilbodet som vert gitt ved Ålesund sjukehus. Dei er særs nøgde med samarbeidet rundt første kurstilbodet. Det var godt oppmøte, deltakarane var nøgde og lærte mykje nytt.

ICD-kurset går over ein dag og innheld mellom anna tema og informasjon om behandling, pasientrettar, trening og fysisk aktivitet for pasientar med hjertestartar. I tillegg brukarhistorie og informasjon om Landsforeningen for hjerte- og lungesyke (LHL) , meistring, det å leve med hjertestartar og oppfølging via heimemonitor.​

Frå ICD-kurs 2023

Undervisning om hjerte og hjertestartar under kurs i Ålesund​​

For å kunne delta på kurstilbodet 
må ein ha tilvising frå hjertelege. Pårørande treng ikkje eiga tilvising.​

Her kan du lese meir om kurstilbodet Hjertestartar (ICD) Ålesund

Her kan du lese meir om kurstilbodet Hjertestartar (ICD) Molde

Klikk deg gjerne inn på Pasient- og pårørandeopplæring under for å søke opp meir informasjon om komande kurstilbod i Helse Møre og Romsdal. Det fins over 130 ulike kurs- og gruppetilbod for brukarar, pasientar eller pårørande innanfor mange ulike diagnoser. 

Pasient- og pårørandeopplæring

Helse Møre og Romsdal tilbyr opplæring og kurs for pasientar og pårørande innanfor ulike diagnosegrupper både individuelt og i grupper
Finn eit opplæringstilbod
Mor og barn