Tid og stad
Når
- 13. nov. 2025
Type arrangement
Arrangør
Kvar
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal HjelsetPåmelding
Kvifor delta på kurs
Med kurset ønsker vi at du og dine pårørande skal få auka kunnskap om ICD, korleis førebygge forverring og skape auka tryggleik, forståing og meistring i det å ha ein ICD.
Vi ønsker også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar.
Vi oppfordrar pårørande til å delta på opplæringa.
Innhald
Kurset har følgande tema:
- Kvifor hjertestartar, utgreiing og behandling,-medisinar og førarkort»
- Psykiske aspektet ved å ha ein kronisk liding»
- «Korleis verkar min hjertestarter»
- «Å leve med ICD»
Praktiske opplysningar
Det blir servert enkel bevertning eller lunsj, nærmare informasjon om dette får du i innkallingsbrev. Faktura blir sendt i etterkant av kurset.
Vennligst gi beskjed i god tid om det er spesielle behov vi skal ta hensyn til f. eks allergiar, hørsel, språk etc.
Parkering etter gjeldande reglement ved sjukehuset. Parkering må den enkelte ordne med selv.
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort eller er pårørande. Faktura sendast etter kurset.
Det er bindande påmelding. Ved ikkje møtt uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belastet med eit gebyr.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Informasjon om eigenandel og andre rettar finn du også på Helsenorge sine sider.
Egenandeler og pasientbetaling på sykehus og poliklinikk - Helsenorge.no
Nyttige nettsider
Landsforeningen for hjerte- og lungesykeKontakt
Medisinsk poliklinikk, Molde
71 12 22 14