Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tilbyr kurs for personar med KOLS i heile fylket

Medisinsk poliklinikk i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret tilbyr gruppeopplæring for personar med KOLS og deira pårørande i heile fylket. Eit kurs frå Volda sjukehus som vert digitalt overført til Ålesund og Molde sjukehus i tillegg til eige kurs ved Kristiansund sjukehus seinare i vår.

Publisert 02.02.2023
Sist oppdatert 03.02.2023
En katt i et hull

Vi håper mange vil delta på dei to ulike tilboda vi har for personar med KOLS og deira pårørande denne våren, seier teamkoordinator Astrid Ljøkjell Solem ved Lærings- og meistringssenteret (LMS) i Helse Møre og Romsdal. 

Hybridkurs frå Volda til Ålesund og Molde i mars

1. og 8. mars 2023 arrangerast eit såkalla hybridkurs frå Volda sjukehus, der pasientar og pårørande møter opp fysisk ved Kløvertun. Ulike fagpersonar deltek frå Volda, som lungesjukepleiar, lege, farmasøyt, ernæringsfysiolog, sjukehusprest og fysioterapeut, i tillegg til brukarrepresentantar frå LHL​. Kurset vert digitalt overført til sjukehuset i Ålesund og Molde. På desse stadane er rådgivar ved LMS tilstades, i tillegg til utvalte fagpersonar som lungesjukepleiar, fysioterapeut og farmasøyt. Noko av kursprogrammet vil såleis føregå med praktiske øvingar og dialog i grupper ved det enkelte sjukehus medan mesteparten av programmet vert delt på tvers mellom dei tre sjukehusa. Såleis håper vi tilbodet skal vere like godt uansett kva stad ein deltek frå, i følgje Ljøkjell Solem. 

Påmeldingsfristen går snart ut så ta kontakt med fastlege/behandlar snarast for å få tilvising til kurstilbodet. Tilvisinga skal sendast til medisinsk poliklinikk ved Volda sjukehus. Ein møter altså fysisk ved det sjukehuset som er nærmast, om ikkje anna er oppgitt i tilvisinga.​

Astrid Ljøkjell Solem seier vidare at LMS er veldig fornøgde med at vi kan rigge oss på ein slik måte at vi får breidda tilbodet gjennom eit hybridkurs, slik at vi kan møte pasientane og deira pårørande nærmare der dei bur. Det sparer også ressursar i forhold til om ein skulle hatt eige tilbod med så mange fagpersonar involvert ved alle fire sjukehusa.

Les meir om KOLS-kurset i Volda (Ålesund og Molde) i kurskatalogen til HMR​

KOLS-kurs frå Kristiansund i april

Kristiansund sjukehus arrangerer 2-dagerskurs med fysisk oppmøte 17. april. Der også mange ulike fagpersonar og brukarrepresentant deltek. Ver merksam på at til dette kurset skal tilvisinga sendast medisinsk poliklinikk ved Kristiansund sjukehus.

Les meir om KOLS-kurset i Kristiansund i kurskatalogen til HMR​​

Pasient- og pårørandeopplæring

Helse Møre og Romsdal tilbyr opplæring og kurs for pasientar og pårørande innanfor ulike diagnosegrupper både individuelt og i grupper
Finn eit opplæringstilbod
Mor og barn