Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vidareutvikling av Parkinsontilbodet i fylket

Nevrologisk avdeling ved Molde sjukehus har dei siste åra arrangert kurs for pasientar med Parkinson og deira pårørande. I år vert det to ulike dagskurs i mai der man enten kan møte i Molde, eller følge kurset (digitalt) frå Ålesund sjukehus, Aure rehabiliteringssenter eller frisklivssentralen i Surnadal (kun kurs nr.2)

Publisert 21.04.2023

I fjor vart Parkinsonkursa ved Molde sjukehus endra frå to-dagars til dagskurs for å kunne nå fleire personar i heile fylket og i vår vert tilbodet også digitalt overført til andre stadar i fylket.

Dei komande kurstilboda i mai er ​eit kurs for deg som har hatt eit aktivt liv utan store symptom (kurs 1) i tillegg til eit eige kurs for dei som opplev at sjukdommen "set meir preg på livet" (kurs 2)

Meir informasjon om Parkinsontilbodet

Dato: ​Les meir om kurs 1 (23. mai): For deg som har e​it aktivt liv utan store symptom her


Les meir om kurs 2 (25. mai):For deg som opplev at diagnosen set meir preg på livet her

Stad:
​Kurs 1 (23. mai): Festsalen ved Molde sjukehus.
Vert digitalt overført til Aure rehabiliteringssenter og Ålesund sjukehus.

Kurs 2 (der sjukdomen er meir utbreidt) (25. mai): Festsalen ved Molde sjukehus. Vert digitalt overført til Aure rehabiliteringssenter, frisklivssentralen i Surnadal og Ålesund sjukehus.

Påmelding: For å delta må lege eller behandlar sende tilvising til nevrologisk inntakskontor ved Molde sjukehus innan 9 mai. Dette gjeld også om du ynskjer å delta ved ein av dei andre stadane. Oppgi kva for eit kurs du ynskjer å delta på (kurs 1 eller 2) og om pårørande vil vere med. Pårørande treng ikkje eiga henvisning og vert oppfordra til å delta.​

Du vert satt opp på den staden du bur nærast, men ta kontakt med nevrlogisk avdeling om du ynskjer å møte annan stad.

Tema: Sjukdom og behandling, brukerhistorie, logopedi, ernæring, fysisk aktivitet, livskvalitet og moglegheit for å stille spørsmål m.m.

Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal

Lærings- og meistringssenteret (LMS) jobbar for at pasientar, brukarar og pårørande skal få informasjon, kunnskap og hjelp til å handtere og meistre langvarig sjukdom og endringar i helsa si.
Kontakt oss
LMS+ROPP for web 2022.jpg