Leige av lokale

Samarbeidspartar kan låne møterom og kursrom ved lærings- og meistringssenteret eller ved sjukehusa i fylket*. Lokala kan nyttast fritt for aktivitet som har med opplærings- og informasjonsarbeid for pasientar og pårørande, dette inkluderer møte/kurs for brukarorganisasjonar.

Undervisningsrom Kløvertun Volda
Undervisningsrom ved Lærings- og meistringssenteret i Volda, Kløvertun

Kvar

  • Lærings- og meistringssenteret (LMS) i Volda held til på Kløvertun, Kløvertunvegen 8
  • Ålesund sjukehus
  • Molde sjukehus
  • Kristiansund sjukehus

Fasilitetar i Volda

  • Konferansebord med plass til ca. 35 personar
  • Videokanon
  • PC og overhead
  • Lyd/musikkanlegg 
  • Teleslynge og myggmikrofon
  • Eit mindre møterom som kan brukast til grupperom
  • Rampe ved hoveddør og HC-toalett
  • Fullt utstyrt kjøkken med kaffetraktar, tekokar, komfyr, oppvaskmaskin og kjøleskap. Ta med mat, kaffi og te.

    Ta kontakt med rådgivar Camilla Kleppe Eidså ved førespurnader ved Volda sjukehus.

Fasilitetar i Ålesund

  • Lærings og meistringssenteret har ikkje lengre eigne lokale. Ein kan leige ulike møterom ved ulike sjukehusbygg ved Ålesund sjukehus. 
  • To av romma, Møterom Åsebøen 1 (plass til ca. 50 personar) og Velferdssalen (plass til ca 50 personar), har tilgang til enkle kjøkkenfasilitetar.
  • Elles er dei fleste av møteromma utstyrt med PC/videokanon og lyd/musikkanlegg.​

    Ta kontakt med rådgivar Jenni M. Hildre Dimmen ved førespurnader ved Ålesund sjukehus.​

Molde og Kristiansund sjukehus​

  • LMS har ikkje eigne kurs- og møterom ved Molde og Kristiansund sjukehus, men rådgivarar ved LMS kan hjelpe til med bestilling av ulike møterom også her.
  • Dei fleste av møteromma er utstyrt med PC/videokanon og lyd/musikkanlegg​

    Ta kontakt med rådgivar Astrid Ljøkjell Solem ved førespurnader ved Molde sjukehus eller Monica Hoem ved Kristiansund sjukehus. ​

Korleis bestille lokale?

Send e-post for å gjere avtalar​​ til ein av våre tilsette ved lærings- og meistringssenteret


​* Med atterhald om at lokale er ledige. 

Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal

Lærings- og meistringssenteret (LMS) jobbar for at pasientar, brukarar og pårørande skal få informasjon, kunnskap og hjelp til å handtere og meistre langvarig sjukdom og endringar i helsa si.
Kontakt oss
LMS+ROPP for web 2022.jpg
Sist oppdatert 24.05.2023