Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Stell av augeprotese
Augeprotese
Her får du informasjon om kva som skjer etter at eit øye er fjerna, frå den første tida etter operasjonen, og vegen fram til du får ein protese tilpassa deg. Her er også bilde og video av korleis du best kan stelle protesen din og informasjon om vidare oppfølging.
Å måtte operere bort eit auge kan vere svært traumatisk for mange. Det kjem som eit sjokk ved akutt skade og sjukdom. I tillegg til påkjenninga det gir å fjerne auget, kjem ofte sorg over at auget er borte. Mange er usikker på korleis ein vil sjå ut med ein protese, om ein vil sjå ut som seg sjølv. For andre kan det å fjerne auge vere ei lette etter lang tid med smerter og operasjonar. Nokon har hatt eit kosmetisk skjemmande auge lenge som dei har valt å operere det bort. Da vil gjerne protesen forbetre utsjånaden.
Før
Felles for alle som fjernar eit auge, er at dei no skal begynne å bruke augeprotese av glas eller plast.
Under
Etter at auge er fjerna under operasjonen, vil holrommet som oppstår bli fylt med eit implantat: ei rund kule. Implantatet blir dekka av slimhinna i forkant, og vil ikkje vere synleg (sjå illustrasjon). Under augelokka vil det no berre vere ei smal lomme, som er laga for at augeprotesen skal ligge godt. Etter operasjonen ligg det ei tynn mjuk plastskive (konforma) i denne lomma. Det tåler augehola godt. Konformeren beskyttar lomma fram til den er grodd og er klar for ein protese.
Før du reiser heim frå augeavdelinga vil ein sjukepleiar vise deg korleis lomma til konformer ser ut. Mange gruer seg til dette, og vår erfaring er at det er best å sjå på dette saman før du reiser heim. Ofte er det ein ser føre seg verre enn verkelegheita.
Du skal bruke forskjellige salver nokre veker framover. Du får resept og forklaringar på bruken før du reiser. Det er viktig å føre salven forsiktig på, så ikkje konformeren fell ut. Dersom den likevel skulle falle ut, kan du sjølv sette den inn att.
Utfør god handhygiene.
Det er viktig at du vaskar og skyl konformeren godt, også inne i hola, før du set den inn att. Konformeren glir lettare på plass dersom du smørar litt augesalve på. Den minst runde sida skal inn mot nasen. Dersom du ikkje er komfortabel med å gjere dette sjølv, kan du kontakt og vi skal hjelpe deg.
Midlertidig tilpassing av augeprotese
Når det er gått 5 til 8 veker etter operasjonen, er tida inne for å sette inn ein protese. Dette gjerast for å behalde størrelsen på lomma protesen skal ligge i. Det kan hende at du må bruke ein foreløpig protese i nokre månader, fram til du har vore hos protesemakar og fått tilpassa ein permanent protese.
Augeavdelinga har eit utval av glassproteser som du kan prøve. Det er viktig å hugse at denne protesen er foreløpig. Det kan vere vanskeleg å finne ein foreløpig protese som er heilt optimal reint kosmetisk. Det viktigaste i denne perioden er at protesen ikkje er vond, og at du føler at du kan bruke den ei stund.
Du vil få moglegheit til å prøve å ta protesen ut og sette den inn igjen. Det er viktig å øve til du føler deg trygg. Av og til kan ein trenge litt tid før ein er klar for å få opplæring. Dette kan du vere open om med oss. Vi ønsker å legge til rette for at du skal få ei så god opplæring som mogeleg.
Endeleg protese - glas eller plast?
Ein augeprotese av glas er det vanlegaste. Den har ekstremt glatt overflate og lar seg fukte godt med tårevæske. Den har lav vekt sidan den er hol, og har høg glans faktor. Ein glasprotese må skiftast etter 2-3 år fordi tårevæska slit på overflata. Den kan ikkje polerast. Dersom ein slitt glasprotese ikkje blir skifta, vil det gi irritasjon. Ein glasprotese kan bli kald om vinteren fordi glas ledar kulde. Dersom dette er plagsamt, kan det vere ein fordel å velje ei plastprotese.
Ein augeprotese av plast (akryl) kan vare mellom 5 og 10 år, men den må polerast med jamne mellomrom hos protesemakar. Vanlegvis ein til to gonger i året. Dersom den ikkje blir polert, dannar det seg eit proteinbelegg på protesen som kan gi irritasjon. Dette belegget lar seg ikkje vaske bort. Ein plastprotese blir laga ved å gjere ei avstøyping av augehola, noko som gir ein nøyaktig størrelse. Protesen kan pussast og endrast slik at den er god i bruk. Plastprotesen kan ikkje knuse, og blir derfor ofte brukt av barn og unge.
Protesemakar tilpassar endeleg protesen
Sjukehuset har avtale med faste protesemakarar. Dei har gjerne eigne nettssider med oversikt over når dei er kvar i landet. Time hos protesemakar bestiller du sjølv direkte hos dei. Protesemakar sender ut brev med timebestilling og informasjon når dei har mottatt tilvising frå augelegen.
Nav dekker utgifter til glas- eller plastprotese. Ved behov for ny sugekopp eller glasstav, kan det skaffast via protesemakar eller optikar.
Du finn meir generell informasjon på heimesidene til den enkelte protesemaker, og det er mogeleg å ta kontakt dersom det er noko du lurer på.
Stell av protesen
Det er ingen klare reglar for kor ofte ein skal ta ut augeprotesen. Ein finn ofte si eiga rutine. En tommelfingerregel er å ta ut protesen ein gong per månad.
Det er viktig med god handhygiene, så hugs å vaske hendene med såpe før stell.
Beskytt protesen ved å legge eit handkle i vasken. Dersom du har fliser på golvet, er det lurt å gjere det ein annan stad. Glasprotesen vil knuse dersom den dett ned på hardt underlag.
Vask protesen i mildt såpevatn, og skyl den godt før du set protesen inn igjen. Ikkje bruk andre reinsemiddel på protesen.
Ved infeksjon kan det vere aktuelt å ta ut protesen oftare for å vaske den, spesielt når det er mykje puss. Følg denne rutinen for stell. Ta kontakt med din lege for å få ei vurdering på om du treng antibiotikabehandling.
Her finner du bildeserier om korleis ta ut og inn øyeprotesen
Bilde 1.1. Utfør god handhygiene og vask hendene med såpe før stell.
Bilde 1. 2. Løft øvre del av augelokket med den eine handa. Hald sugekoppen mellom tommelen og langfinger og sett sugekoppen på augeprotesen.
Bilde 1. 3 Sugekoppen er på plass. Den sit fast ved hjelp av vakuum.
1.3 Sjå opp og trekk godt ned nedre del av augelokket.
1. 4. Sjå ned og la protesen skli ut over augelokket ved å forsiktig løfte i sugekoppen.
1.5. Sjå opp og legg protesen forsiktig inn under øvre augelokk.
Bilde 1.6. Hald protesen på plass samtidig som du trekker ned nedre augelokk med andre handa.
Bilde 2.1 Sjå opp og dra ned nedre augelokk.
Bilde 2.2 Legg forsiktig den runde enden av glasstaven under protesen. Du kan også bruke tommelen.
Bilde 2.3 Nå er vakuumet oppheva. Sjå ned.
Bilde 2.4 Protesen vil skli ut av augehola
Bilde 2.5 Sjå opp, løft øvre augelokk, og før protesen inn under øvre augelokk.
Bilde 2.6 Hald protesen på plass med peikefingeren, samtidig som du trekker nedre augelokk ned med den andre handa di. Da vil protesen komme på plass i augehola.
Etter
Å leve med augeprotese
Ein augeprotese kan vere lite synleg for andre, men for den som bruker augeprotese kan det opplevast annleis. Nokon reagerer med å bli mindre sosial, og det er viktig å ha nokon å støtte seg til i den første fasen. Ved alvorlege problem kan fastlegen tilvise til psykolog. Det er vanleg å trenge tid for å venne seg til situasjonen og tilpasse seg den nye kvardagen. Nokon opplever i periodar irritasjon, smerter og/eller gjentekne infeksjonar. Da er det viktig å ha et tett samarbeid med din protesesjukepleiar, augelege, protesemaker og apotek.
Det er mange som opplever at augehola og protesen kjennest tørr. Vi anbefaler augedråpar med høg viskositet som held lenge på fuktigheita. Det finnest også salver som egnar seg til bruk om natta. Augelege, apotek, optikar og protese måker kan hjelpe med å finne gode produkt.
Det kommer ofte litt puss når protesen treng vask, polering eller skiftes. Det kommer også ofte puss dersom når ein er forkjøla. Sekresjon som er blank/grå/kvit er heilt normalt og treng ikkje behandling.
Mange vil få eit blankt eller halvblankt slim frå augehola som legg seg på protesen eller rundt auge. Vi vet ikkje heilt kvifor nokon er meir plaga enn andre, men det hjelper å bruke fuktighets dråpar.
De aller fleste er fornøgd med protesen sin og tilpassar seg den nye tilværet. Augehola kan forandre seg over tid. Forhold som strålebehandling og tidlegare skader kan også gi endringar. Protesemakaren vil tilpasse protesen etter som augehola endrast. Det kan også vere aktuelt å operere på nytt.
Du kan leve som vanleg med en augeprotese. Men ved utsette aktivitetar, i arbeid eller på fritid, bør du bruke vernebriller. Det er viktig at du beskyttar det auge du ser med.
Synsfeltet er noko redusert når ein ser med eit auge, men du kan fortsatt kjøre vanleg personbil dersom du har godt syn på det andre auget. Det må gå ei viss tid slik at avstandsdømmingane er trena opp igjen. Snakk med augelegen din om dette.
Sosionomtenester
Sjukdom og skader kan føre med seg praktiske og personlege utfordringar som det kan vere vanskeleg å handtere. Situasjonen du står i kan utløyse rettar i forhold til hjelpeapparatet. Sosionomen kan gi støtte, rettleiing, råd og informasjon, formidle kontakt med andre instansar, og yte hjelp med søknader. Personalet ved avdelinga kan tilvise deg til sosionom.
Sist faglig oppdatert 26.09.2022
Kontakt
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal HjelsetAugepoliklinikk SNR
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 16 km frå sjukehuset.
Kristiansund lufthavn, Kvernberget ligg om lag 48 km frå sjukehuset.
Parkering
Det blir ca 1200 parkeringsplasser ved SNR Hjelset. Sjå eigen informasjon under Kart og parkering.
Parkering
Vi har fått automatisk skiltgjenkjenning som registrerer deg når du kjem. Etter besøket kan du gå til betalingsautomat, registrere bilnummeret og betale for tida du har parkert.
Du finn parkeringsområde nord (P3) og nordvest (P2) for sjukehuset. HC-parkering finn du også like ved hovudinngangen. Parkeringsområdet ved Hjelsetvegen (P12) er tilgjegeleg både for tilsette og besøkande.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Etasjeoversikt SNR Hjelset.pdfEi skisse som viser fløy-inndelinga av sjukehuset og kva avdelingar du finn i dei ulike etasjane.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Like innom hovudvestibylen i 2. etasje finn du Kafé SNR. Her tilbyr vi lunsj- og middagsrettar, stor salatbar, kaker, fast food og påsmurt bakst.
Opningstider
Mandag - fredag: kl 9:00-20:00
Laurdag og søndag: kl 10:00-18:00
Kiosk
Ved SNR Hjelset har vi også kiosk 24/7 i form av smarte vareskap og drikkeautomatar på sjukehuset. Her får du kjøpt drikke, sjokolade, snacks, gåveartiklar og matrettar frå kjøkkenet. Vi har også Espresso House Barista stasjon.
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.