Vi anbefaler at du før innlegging har fått avbestilt/flytta andre avtalar og også fått pass til eventuelle husdyr, slik at du får konsentrere deg om behandlinga.
Du må ha tilvising frå lege.
Abstinensbehandling blir gitt etter individuelle behov, der vi prøver å kartlegge og bevisstgjere deg på abstinenssymptoma dine. Auka bevisstheit og forståing kan dempe ubehaget. Både medikamentelle og ikkje-medikamentelle hjelpemiddel kan vere aktuelle.
Vi anbefaler at du før innlegging har fått avbestilt/flytta andre avtalar og også fått pass til eventuelle husdyr, slik at du får konsentrere deg om behandlinga.
Du må ha tilvising frå lege.
Vi vil møte deg med omsorg og empati. Spesielt i ei tid der du kanskje kjenner på abstinensar, kan det vere avgjerande å ha god relasjon til behandlaren din. Du får ein behandlar/pasientansvarleg koordinator (PAK), som har ansvar for deg gjennom heile opphaldet og som også koordinerer eventuell vidare behandling.
Under abstinensperioden vil du oftast vere mest på rommet ditt, men personalet vil ha tilsyn og hjelpe deg ved behov. Vi ønsker at du skal oppleve at vi arbeider i eit positivt og motiverande miljø.
Du og PAK vil gjennomføre individuelle motivasjons- og kartleggingssamtalar (Audit/Dudit/Alcohol-E/Dudit-E). PAK etablerer kontakt med pårørande dine, og tar barnesamtale (birussamtale) med deg dersom du har mindreårige barn.
Vi prioriterer at miljøpersonell alltid er tilgjengeleg og arbeider aktivt for å oppretthalde eit sunt og godt miljø i fellesarealet. I tillegg vil personalet følge deg opp med tanke på basale behov, ernæring, kvile, rutinar og daglege turar i nærområdet. Eventuelt lengre tur på helg, dersom den fysiske og psykiske helsa di tillèt det.
Vi oppfordrar deg til å levere inn mobiltelefonen, slik at du kan skjerme deg frå impulsar utanfrå. Du kan låne seksjonen sin telefon for å ha kontakt med næraste familie/pårørande.
Vanedannande medikament (A- og B-preparat) blir berre unntaksvis brukte i abstinensbehandlinga. Unntak er planlagde nedtrappingsløp i samarbeid med fastlege.
Du vil komme i kontakt med ulike fagpersonar i løpet av eit døgn, men vi har likevel felles kliniske plattformer, blant anna ved hjelp av standardiserte skåringsskjema som Clinical Institute Withdrawal Assessment for Alcohol (CIWA-A), Clinical Opiate Withdrawal Scale (COWS-skala) og Alcohol Use Disorder Identification Test (AUDIT).
Alkoholiske kramper, hallusinasjonar, delirium tremens og Wernickes encefalopati er alvorlege komplikasjonar som kan krevje medikamentell behandling.
Ulike rusmiddel kan krevje ulik behandling og alle får individuelle tilpassa behandling for sitt rusproblem.
Gjennom erfaringsbasert kunnskap er det tatt i bruk nokre alternative metodar i abstinensbehandlinga som eit supplement til legemiddel, som Nada-akupunktur.
Vi tilrår å lage ein plan for oppfølginga etter utskriving.
Eksempel på mogelege oppfølgingstilbod:

Ålesund behandlingssenter
Vestmoa 27