Behandling
Abstinensbehandling
Abstinensbehandling blir gitt etter individuelle behov, der vi prøver å kartlegge og bevisstgjere deg på dine abstinenssymptom. Auka bevisstheit og forståing kan dempe ubehaget. Både medikamentelle og ikkje-medikamentelle hjelpemiddel kan vere aktuelle.
Før
Vi tilrår at du før innlegging har fått avbestilt/flytta andre avtaler og også fått pass til eventuelle husdyr, slik at du får konsentrere deg om behandlinga.
Du må ha tilvising frå lege.
Under
Vi vil møte deg med omsorg og empati. Spesielt i ei tid der du kanskje kjenner på abstinensar, kan det vere avgjerande å ha god relasjon til behandlaren din. Du får ein behandlar/pasientansvarleg koordinator (PAK), som har ansvar for deg gjennom heile opphaldet og som også koordinerer eventuell vidare behandling.
Under abstinensperioden vil du oftast tilbringe mest tid på rommet ditt, men personalet vil ha tilsyn og bistå deg ved behov. Vi ønsker at du skal oppleve at vi arbeider i eit positivt og motiverande miljø.
Du og PAK vil gjennomføre individuelle motivasjons- og kartleggingssamtalar (Audit/Dudit/Alcohol-E/Dudit-E). PAK etablerer kontakt med dine pårørande, og tek barnesamale (birussamtale) med deg dersom du har mindreårige barn.
Vi prioriterer at miljøpersonell alltid er tilgjengeleg og arbeider aktivt for å oppretthalde eit sunt og godt miljø i fellesarealet. I tillegg vil personalet følge deg opp med tanke på basale behov, ernæring, kvile, rutinar og daglege turar i nærområdet. Eventuelt lenger tur på helg, dersom di fysiske og psykiske helse tillet det.
Vi oppfordrar deg til å levere inn mobiltelefonen, slik at du kan skjerme deg frå impulsar utanfrå. Du kan låne seksjonen sin telefon for å ha kontakt med nærmaste familie/pårørande.
Behandling med legemiddel
Vanedannande medikament (A- og B-preparat) blir kun unntaksvis brukt i abstinensbehandlinga. Unntak er planlagte nedtrappingsløp i samarbeid med fastlege.
Alkohol-abstinens, symptomlindrande og førebyggande behandling
Du vil kome i kontakt med ulike fagpersonar i løpet av eit døgn, men vi har likevel felles kliniske plattformer, mellom anna ved hjelp av standardiserte skåringsskjema som Clinical Institute Withdrawal Assessment for Alcohol (CIWA-A), Clinical Opiate Withdrawal Scale (COWS-skala) og Alcohol Use Disorder Identification Test (AUDIT).
Alkoholiske kramper, hallusinasjonar, delirium tremens og Wernickes encefalopati er alvorlege komplikasjonar som kan kreve medikamentell behandling.
Ulike rusmiddel kan kreve ulik behandling og alle får individuell tilpassa behandling for sitt rusproblem.
Generelle tiltak ved abstinens
- Generelt: Viktig med ro, kvile og søvn
- Tilpassa nedtrapping av rusmiddel (td. opiat og benzodiazepin), der stoffet er påvist i urin/blodprøve. Lege gjer fortløpande vurdering
- Krampeprofylakse (spesielt alkohol, hallusinogen, GHB, ecstasy)
- Behandling av søvnproblem (gjeld dei fleste rusmiddel)
- Psykoseforebyggjing (spesielt hallusinogen, men også ved delir av alkohol, benzo eller GHB, ved amfetamin (depresjon, mani), ecstasy, kokain, ellers generell fare ved lite søvn, psykisk eller fysisk forkommen)
- Kvalmereduserande tiltak (spesielt alkohol, cannabis, opiat, GHB, ecstasy)
- Vurdere behov for skjerming (spesielt viktig ved stimulerande og hallusinogene stoff)
- Vurdere behov for symptomatisk behandling av andre plager
Alternativ abstinensbehandling
Gjennom erfaringsbasert kunnskap er det tatt i bruk nokre alternative metodar i abstinensbehandlinga som eit supplement til legemiddel, til dømes NADA-akupunktur.
Etter
Vi tilrår å lage ein plan for oppfølginga etter utskriving.
Eksempel på mogelege oppfølgingstilbod:
- Tiltak i heimkommune
- Vidare behandling ved andre seksjonar
- Tilvising til anna eining innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)
- Tilvising til poliklinisk oppfølging og eventuelt dagtilbod
- Tilvising til psykisk helsevern
Kontakt
Ålesund behandlingssenter
Avrusing TSB Ålesund
Kontakt Avrusing TSB Ålesund
Oppmøtestad
Resepsjonen ved hovudinngangen.Adresse
Ålesund behandlingssenter
Ålesund behandlingssenter
Vestmoa 27