Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Allergivaksinering av barn og ungdom ved Ålesund sjukehus
Allergivaksinering blir og kalla hyposensibilisering eller spesifikk immunterapi. Dette er aktuelt ved kraftig allergi, særleg mot pollen og bie- og vepsegift, men unntaksvis også mot dyrehår eller husstøvmidd.
Barnet må vere over fem år og ha hatt symptom på problematisk allergi over minst to år. Det må ligge føre positiv allergitest (prikktest eller blodprøve) på aktuelle allergen. Prinsippet for behandlinga er å tilføre allergenet (det ein er allergisk mot) regelmessig over lang tid (3 år, evt. 5 år), og dermed endre kroppen/immunforsvaret sin reaksjon på allergenet ved «vanleg» kontakt via hud/slimhinner. Ein vel då ut eitt eller to allergen som utgjer hovudproblemet.
Før
Dersom barnet/ungdomen har ein infeksjonssjukdom (forkjøling, influensa, bronkitt eller liknande) dei siste tre dagane før planlagt vaksinasjon, må vaksineringa utsetjast.
Blir du sjuk eller hindra frå å møte opp, skal du kontakte oss og avtale ny tid.
Under
Ved behandling av bjørk-, gras-, katt-, husstøvmidd-allergi osv. blir dette gjort i form av injeksjonar (sprøyter) i overarma. Det er vanleg at dette går føre seg som opptrapping med ei dose kvar veke i sju veker. Deretter gradvis overgang til ei dose annakvar månad i tre år. Dei første gongane får ein to-tre sprøyter med 30 minutt mellomrom. Ein behandlingsdag kan då ta omlag to timar.
Ved behandling av graspollenallergi kan dette også gjerast i form av smeltetablettar med graspollen-ekstrakt (Grazax) dagleg over tre år. Første tablett blir teke under observasjon på poliklinikken, og ein kan normalt forlate avdelinga etter 30 minutt. Vanlege biverknadar er kløe/svie/ubehag i munnhola nokre minutt etter inntak. Behandlinga elles foregår heime med kontroll hos lege ei stund etter oppstart og i etterkant av graspollensesongen.
Etter
Det er under heile behandlinga ein risiko for at
vaksinasjonane kan utløyse allergisymptom, særleg under den første delen med
doseøkinga. For sikkerheits skuld skal barnet difor alltid vere på avdelinga for observasjon i 30 minutt etter kvar vaksinasjon. Vi gjer eventuelt lungefunksjonstest (PEF) før og etter
vaksinasjon. Dei mest vanlege biverknadane er hevelse/kløe/ubehag på
innstikkstaden.
Vi anbefaler at ein ikkje driv fysisk aktivitet/høgintens påkjenning på vaksinasjonsdagen. Ved biverknader ut over kløe/ubehag på innstikkstaden bør dette behandlast med allergimedisin, eventuelt kontakt lege.
Kontakt
Ålesund sjukehusPoliklinikk barn og ungdom Ålesund
Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.
Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering
HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget.
Oversikt over sjukehusområdet
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
07.30–15.30
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved hovudinngangen.
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje, fløy M. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset.
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.