Behandling
Allergivaksinering av barn og ungdom ved Ålesund sjukehus
Allergivaksinering blir og kalla hyposensibilisering eller spesifikk immunterapi. Dette er aktuelt ved kraftig allergi, særleg mot pollen og bie- og vepsegift, men unntaksvis også mot dyrehår eller husstøvmidd.
Barnet må vere over fem år og ha hatt symptom på problematisk allergi over minst to år. Det må ligge føre positiv allergitest (prikktest eller blodprøve) på aktuelle allergen.
Prinsippet for behandlinga er å tilføre allergenet (det ein er allergisk mot) regelmessig over lang tid (3 år, evt. 5 år), og dermed endre kroppen/immunforsvaret sin reaksjon på allergenet ved «vanleg» kontakt via hud/slimhinner. Ein vel då ut eitt eller to allergen som utgjer hovudproblemet.
Før
Dersom barnet/ungdomen har ein infeksjonssjukdom (forkjøling, influensa, bronkitt eller liknande) dei siste tre dagane før planlagt vaksinasjon, må vaksineringa utsetjast.
Blir du sjuk eller hindra frå å møte opp, skal du kontakte oss og avtale ny tid.
Under
Ved behandling av bjørk-, gras-, katt-, husstøvmidd-allergi osv. blir dette gjort i form av injeksjonar (sprøyter) i overarma. Det er vanleg at dette går føre seg som opptrapping med ei dose kvar veke i sju veker. Deretter gradvis overgang til ei dose annakvar månad i tre år. Dei første gongane får ein to-tre sprøyter med 30 minutt mellomrom. Ein behandlingsdag kan då ta omlag to timar.
Ved behandling av graspollenallergi kan dette også gjerast i form av smeltetablettar med graspollen-ekstrakt (Grazax) dagleg over tre år. Første tablett blir teke under observasjon på poliklinikken, og ein kan normalt forlate avdelinga etter 30 minutt. Vanlege biverknadar er kløe/svie/ubehag i munnhola nokre minutt etter inntak. Behandlinga elles foregår heime med kontroll hos lege ei stund etter oppstart og i etterkant av graspollensesongen.
Etter
Det er under heile behandlinga ein risiko for at vaksinasjonane kan utløyse allergisymptom, særleg under den første delen med doseøkinga. For sikkerheits skuld skal barnet difor alltid vere på avdelinga for observasjon i 30 minutt etter kvar vaksinasjon. Vi gjer eventuelt lungefunksjonstest (PEF) før og etter vaksinasjon. Dei mest vanlege biverknadane er hevelse/kløe/ubehag på innstikkstaden.
Vi anbefaler at ein ikkje driv fysisk aktivitet/høgintens påkjenning på vaksinasjonsdagen. Ved biverknader ut over kløe/ubehag på innstikkstaden bør dette behandlast med allergimedisin, eventuelt kontakt lege.
Kontakt
Ålesund sjukehus
Poliklinikk barn og ungdom Ålesund
Oppmøtestad
Poliklinikken held til i barne- og ungdomsavdelinga, eit eige bygg like ved hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Adresse
- I dag 08:00 - 16:00
Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5