Undersøking

Angiografi, Ålesund

Fluoresceinangiografi er ein metode for å undersøke blodsirkulasjonen i netthinna. Eit gult fargestoff (fluorescein) blir sprøyta inn i ein blodåre slik at vi kan følgje fargestoffet i blodkaret til netthinna ved hjelp av fotografi. Metoden blir brukt i diagnostisering av netthinnelidingar.

Før

Vi treng å vite om du er allergisk mot noko og om du er gravid.

Før undersøkinga får du augedropar som gjer pupillane store. Augedropane gjer at du blir ømfintleg for lys og du får nedsett syn. Det tar cirka 15 - 20 minutt frå du får dropane til dei verkar.

Sjukepleiaren som skal utføre undersøkinga vil legge ein venekanyle på deg.



Under

Mens undersøkinga føregår skal du sitte i ein stol føre eit undersøkingsapparat. Du skal ha haka på hakestøtta til apparatet og panna godt inntil pannestøtta. Du vil få beskjed om å sjå på eit lyspunkt og følgje dette lyset med blikket viss det flyttar seg.

Undervegs i undersøkinga vil sjukepleiaren gi deg kontrastvæske gjennom venekanylen.




Etter

Kontrastvæsken vil gi litt forbigåande gulheit i huda, i kviten til auget og i urinen. Nokon kan òg bli litt kvalme.

Venekanylen blir fjerna cirka 20 minutt etter undersøkinga. Du må opphalde deg på avdelinga denne tida.

Augedropane gjer at du blir ømfintleg for lys og du får nedsett syn. Desse vil ha verknad frå nokre timar til eitt heilt døgn. Du kan ikkje køyre bil før pupillen er normal igjen.



Kontakt

Ålesund sjukehus Auge Ålesund

Kontakt Auge Ålesund

Oppmøtestad

Poliklinikk: Inngang nord 6. etasje

Operasjon: Inngang nord 1. etasje, luke 3 (dagkirurgisk avdeling)

Sengepost: Inngang sør 5. etasje (kirurgisk sengepost 1)

Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ ​

Ny tilkomst frå 20. november 2023

20. november stenger Inngang nord (poliklinikkinngangen) ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging. Under får du oversikt over dei nye parkeringsområda og korleis du lettast kjem til hovudinngangen.  

Kart
Markerte parkeringsområde aust for sjukehuset. Sone for "kyss og køyr" ved barne- og ungdomsavdelinga. Her finn du også parkering for blodgivarar.

Merk at taxi kan køyre inntil hovudinngangen.

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.