Videopresentasjonar frå Ålesund sjukehus
Vi har laga ein pakke med videoar til deg som har slitt med artroseskade og treng ein kneprotese eller ein hofteprotese. Her forklarar vi kva de skal gjennom frå innleggelse til utskriving.
Sjukdommar som har øydelagt store delar av ankelleddet eller subtalarleddet (under ankelleddet) blir oftast behandla med artrodeser (avstiving). Resterande brusk blir fjerna og det øydelagde leddet blir stiva av. Oftast er dette leddet nærast stivt allereie slik at ein mistar lite rørsle. Målet med operasjonen er å fjerne smerta frå leddet. Det skjer ved sjølve artrodesen, det vil seie at leddet gror saman og blir borte. Det blir ofte brukt skruar for å få det til å gro saman, eventuelt supplert med ei plate.
Somme blir opererte dagkirurgisk, det vil seie at du dreg heim same dag som operasjonen. Ved meir omfattande inngrep blir du på sjukehuset 1-2 dagar etter operasjonen. Dette blir avtalt på førehand, sjå også innkallingsbrevet.
Ved alle kirurgiske inngrep kan det oppstå komplikasjonar. Dei aller fleste er sjeldne og kan behandlast. Dei vanlegaste komplikasjonane er blodpropp og infeksjon.
Hoven, raud og vond legg som er meir smertefull enn foten.
Raudt, hovent, irritert sår med siving av puss frå såra, feber og aukande smerter.
Manglande heling kan finnast, risikoen for denne komplikasjonen aukar dersom du røykjer eller har diabetes.
Skadar i nerve og kar kan finnast. Somme kan også oppleve smerte og stivleik etter inngrepet.
Ta kontakt med sjukehuset dersom du har teikn til komplikasjonar.
Åsehaugen 5