Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Auditive prosesseringsvanskar (APD) hos barn og unge

Barn kan verke å vere hørselshemma trass i normal høyrsel ved standardisert testing. Øyret oppfattar lyden, men hjerna kan ikkje tolke lydsignala ved vanskelege lytteforhold. Dette blir kalt auditive prosesseringsvanskar (APD).

Høyrsel er avhengig av automatisert bearbeiding av lyd i det indre øyret, høyrselsnerven og i dei sentrale høyrselsbanane. Å lytte handlar om korleis hjernen knyter meining til lydsignala, og er ein kompleks prosess som blir påverka av mange faktorar. 

På fagspråket seier vi at APD kjem av ein dysfunksjon i bearbeidinga til dei sentrale høyrselsbanane av auditiv informasjon. APD er eit samleomgrep på vanskar med å prosessere kva vi høyrer.

APD er ein høyrselsvanske som kan føre til ulike problem for læring og kommunikasjon. Det blir ofte karakterisert som «når hjernen høyrer, men ikkje lyttar».

Moglege årsaker til APD

Ofte finn ein inga openberr årsak til APD. Gjentekne episodar med væske i mellomøyra i tidleg barndom kan påverke modninga i dei sentrale høyrselsbanane og dermed påverke auditiv prosessering. APD kan også vere arveleg. 

Barn og unge med APD kan ha vanskar i desse områda:

  • Oppfatte tale i omgivnader med bakgrunnsstøy
  • Høyre kva retning lyder kjem frå.
  • Forstå ukjende dialektar, rask eller uklar tale.
  • Oppfatte og huske munnleg informasjon.
  • Oppfatte forskjell på lyd-like ord.
  • Lett distrahert, spesielt av lyd.
  • Spør ofte om igjen.
  • Hyppige misforståingar.

Høyrselsvanskar hos barn trass i normal høyrsel målte ved vanlege 
høyrselstestar, kan likevel komme av meir enn APD. Andre faktorar som 
kan spele inn er språkutvikling, merksemd, arbeidsminne og/eller motivasjon.

Tilvising og vurdering

Ei grundig og heilskapleg kartlegging frå ulike fagpersonar (logoped/audiopedagog, psykolog/psykologspesialist) bør ligge føre før ein går vidare med ei utvida høyrselsmedisinsk utgreiing. PPT bør vere involvert.

Ein samanfatta rapport frå kartlegging med følgjande punkt bør leggast ved tilvsinga:

  • Ei grundig beskriving av lyttevanskar og anamnestiske opplysningar som moglege risikofaktorar som prematuritet, alvorleg gulsott og otitter. I tillegg til førekomst av somatisk og psykisk liding i familien.
  • Utgreiing av kognitive/nevropsykologiske funksjonar:
    – Generelle evner (evnetestar: WISC-IV/V; WAIS-IV).
    – Merksemd/arbeidsminne (både auditive og visuelle testar).
    – Deltestar frå Leiter-R: FM og RM. Talet på einingar (tal/bokstav-tal og bilete) både framlengs og baklengs bør oppgivast.
  • Utgreiing av språkfunksjonar – språktestar (Språk 6–16/CELF-4)-
  • Kartlegging av sosiale og emosjonelle vanskar.
  • Kartlegging av vanskar med merksemd og hyperaktivitet.
  • Screeninginstrument for vurdering av ADHD-problematikk (Barkley, ASEBA).
  • Ei grundig skildring av utprøvde tiltak og effekt bør ligge føre.
  • Test av visuell prosessering hos spesialist (optometrist).

Ved mistanke om meir generelle meksemdsvanskar eller autismespektervanskar kan foreldre i samråd med fastlege vurdere tilvising til BUP før APD utgreiing. 

Utredning

Ved mistanke om APD

  • Øyre-nase-hals lege undersøker høyrselen. APD blir ikkje påvist med vanlege høyrselstestar, men det er viktig å kunne utelukke væske i mellomøyra eller høyrselstap som årsak til vanskane. Legen kan gi meir informasjon om vidare utgreiing.
  • APD kan opptre samtidig med andre funksjonsforstyrringar som språkvanskar, dysleksi, merksemdvanskar eller autismelidingar. Ei tverrfagleg vurdering der alle aspekt av eit barns utvikling blir vurdert opp i mot vanskane er derfor viktig. I denne samanhengen vil Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) sitt arbeid med ei grundig og heilskapleg kartlegging og vurdering av funksjonsnivå på ulike område vere ein viktig bidragsytar.
  • Kartleggingsskjema som fangar opp lyttevanskane til barnet i kvardagssituasjonar kan identifisere barn som bør utgreiast for APD: 
    – Children’s Auditory Performance Scale (CHAPS). 
    – Auditory Processing Domains Questionnaire (APDQ).
  • Tilvising til øyre-nase-hals avdeling med ei oppsummering av utviklinga til barnet. Utgreiing av APD blir gjennomført ved enkelte sjukehus, og kan utførast frå 7–8 årsalderen. Sakene blir vurderte individuelt og føreset evne til samarbeid ved forholdsvis krevjande lyttetestar.
  • Barnet går gjennom ei utvida høyrselsmedisinsk utgreiing og det norske APD testbatteriet. Etter ei totalvurdering av resultata frå gjennomgått tverrfagleg utgreiing kan ein eventuell APD diagnose settast.

Tiltak for barn med APD

Det er viktig med ein koordinert og samanhengande innsats, der foreldre, skule og profesjonelle samarbeidar. Det er fire hovudstrategiar for behandling:

Forståing for utfordringane til barnet er grunnleggande for å finne gode og rette tiltak. God planlegging, samarbeid på fleire plan og koordinering av tiltaka vil bidra til meir effektiv oppfølging.
 
Dette inneber:
  • Eit godt tverrfagleg samarbeid mellom alle aktørar som deltek i prosessen er nødvendig, frå utgreiing til gjennomføring av lyttetrening. APD er ein samansett tilstand som kan sameksistere med andre vanskar. Gjennom tverrfagleg samarbeid får ein betre forståing av styrkane og utfordringane til barnet.
  • Ei grundig og heilskapleg kartlegging frå skulen, PPT og BUP/habiliteringsteneste må ligge føre som grunnlag for vidare APD utgreiing.
  • Styrkane og utfordringane til barnet vil belysast ut frå ei brei kartlegging. Slik vil ein ha større føresetnad til å støtte barnet ut frå utviklinga til barnet. Både barn, lærar/skule vil få ei betre forståing av kva barnet meistrar åleine og ved støtte av læraren.
    – Barnet vil få ein bedre forståing for sine eigne føresetnader. Dette kan føre til auka motivasjon til å gjennomføre tiltak, og dessutan gode meistringsstrategiar for oppgåveløysing i kvardagen.
    – Lærarar og skule vil få betre forståing for føresetnadene til barnet. Dette kan føre til optimalisering av generell tilrettelegging i kvardagen, samt gode løysingar for å gjennomføre lyttetreninga.
  • Grundig individuell opplæringsplan med formålstenlege mål som kan oppnåast og vurderast bør ligge til grunn. Planane bør evaluerast og ev. endrast regelmessig. Alle som er involverte i tilrettelegging rundt barnet skal informerast om endringar for å sikre tilfredsstillande kompetanse til oppfølging.

Godt samarbeid og tidleg kontakt med skule/lærarar er viktig for å optimalisere forholda og opprette ei forståing av vanskane og behova til barnet. Forutsigbarheit i kvardagen, både på skulen og heime er nødvendig.
  • Rom som tilfredsstiller krav til etterklangstid bør brukast, og timeplanen blir tilpassa, med færrast mogleg skifte av klasserom.
  • Nye lærarar bør informerast og opplærast i bruk av pedagogiske tiltak og tekniske hjelpemiddel.
  • Hyppig evaluering gir høve til å oppdage utfordringar undervegs og sette i gang tiltak.
  • Skifte av skule eller studiar bør førebuast i god tid med god kommunikasjon og overføring. Barnet bør også involverast og førebuast.

Plassering av eleven er ein viktig faktor for å kunne sjå både læraren og medelevar. Sjølv med godt teknisk utstyr vil effekten av ein mikrofon raskt minke ved avstand frå lydkjelda. Når klassen flyttar seg til nye aktivitetar og til andre klasserom er det nødvendig å vurdere plassering av lærar og elev. Varierande aktivitetar vil bli ekstra utfordrande for eleven viss eleven oppheld seg i gymsal, amfi eller andre rom med dårleg akustikk.

Det er nødvendig at lærar etablerer merksemda til eleven før ein startar å snakke.
Sei namnet til den som snakkar slik at barnet får tid til å sjå på den som skal seie noko. Lærar bør gjenta og gi barnet god nok TID til å oppfatte, prosessere og få høve til å respondere.
 
Undervisning i små grupper og gruppearbeid i eigne rom gir betre føresetnader for god lytting, og bør prioriterast. Tilgang til stillerom for eigenarbeid kan gi nødvendig pause og kvile frå ein støyande skulekvardag. I tillegg til å spare energi til fritidsaktivitetar og venner etter skuletid. Skrivetolk under forelesingar kan vere eit supplement til ungdommar/studentar.

Hjernen er avhengig av å få best mogleg tilgang til gode og intakte akustiske signal slik at det fører til effektiv og god læring hos barnet.
 
Avstand til lydkjelda og bakgrunnsstøy er hovudårsak til dårleg tilgang til akustiske signal. Enkel tilrettelegging kan sikre god tilgang til talespråk:
  • Legg til rette for eit godt lyttemiljø.
  • Plasser eleven formålstenleg.
  • Bruk teknisk utstyr konsekvent.
Sentrale auditive nervebanar går gjennom ei gradvis modning opp til tenåra. Barn utviklar språkleg erfaring med alder. Vaksne oppfattar lettare kva som blir formidla under dårlege signal/støy-forhold (SNR) pga. betre språkleg erfaring av kva som høyrer saman og kva som naturleg blir neste ord i ei setning. Barn har ikkje den same moglegheita og har derfor eit større krav til signal/støy-forhold enn vaksne, høvesvis +15- 20 dB SNR mot +6db SNR.
 
I eit klasserom der læraren forflyttar seg under formidling vil det gi varierande SNR for elevane, heilt ned til 0 til +4 dB. Dette vil naturlegvis redusere evna til å skilje tale frå støy. Ved ein lyttevanske vil det bli ekstra utfordrande.

Miljømessige tiltak

Barn med APD opplever større vanskar med å oppfatte tale på avstand eller i støyande omgivnader. Det er derfor viktig å fjerne så mykje bakgrunnsstøy som mogleg. Miljømessige tiltak for optimale lytteforhold, som m.a. tilrettelegging i klasserommet, er viktig.

Krav til akustikk

Det blir stilt krav til akustikk i klasserom eller barnehage. Lang etterklangstid kan forverre moglegheitene til å oppfatte tale. Det er derfor viktig at lokala som blir nytta til undervisning følgjer gjeldande krav til etterklangstid i teknisk forskrift. Om byggeigar ikkje kan dokumentere dette, kan NAV Hjelpemiddelsentral kontaktast for å få målt etterklangstiden og tilrå utbetringar som plater i tak/vegger. Tennisballar på stolbein er enkle tiltak for å redusere støy.
 
Det er viktig å tenke gjennom kva støykjelder som ligg tett opp mot klasserommet. Det kan vere trafikkstøy, ventilasjonssystem og annan aktivitet som skaper støy i naboklasserommet.
 
Støy i klasserommet kjem oftast frå storleiken og aktiviteten til klassen. Ifølgje opplæringslova § 8 –2 må storleiken på gruppa ikkje overstige det som er pedagogisk forsvarleg for at barnet har utbytte av undervisninga.
 

Lydmiljø i heimen

Dårleg akustikk i heimen kan skape vanskar med å oppfatte, og føre til bruk av auka stemmevolum og dårleg samspel internt i familien. Det er viktig at foreldre informerer nær familie om utfordringane og behova til barnet for tilpassingar.
 
I heimen er det viktig å vere klar over kva som kan påverke tilgangen til tale og kva for nokre kvardagslege lydkjelder som kan forstyrre. Unngå forstyrrande bakgrunnsstøy som oppvaskmaskin, kaffitraktar eller radio og lukk gjerne vindauget. Rom kan utbetrast med lyddemping for å betre etterklangstida.
Tips til betring av akustikk i heimen: 
  • Tepper på golv.
  • Voksduk på bordet, men vel ein med lite glans og mønster.
  • Vurderer innreiinga av rommet, del opp med møblar eller vegger, bruk gardiner, tekstil og bilete som tek opp lydbølgjene meir effektivt.
  • Oppbevar leikar i stoffkorger.
  • Store grøne plantar.
  • Filtknottar på møblar.

Tekniske hjelpemiddel

Barn med APD har vanskar med å høyre og hugse munnlege beskjedar og informasjon. Tydeleg tale via høyrselsteknisk utstyr betrar signal/støy-forholdet. Barn kan ha nytte av høyrselsteknisk utstyr både i barnehage, skule og på fritida.
Kva utstyr som er mest formålstenleg blir valt i samråd med NAV ut frå utforming av
omgivnader, kor mange trådlause mikrofonar som er nødvendige (f.eks lærarar og medelevar), dei ulike lyttemiljøa barnet må forhalde seg til, og korleis barnet ønskjer å få lyden:
  • Høgtalar på stativ/vegg.
  • Nær-/bordhøgtalar.
  • Personleg mottakar som sender lyden rett i øyra, t.d. via hovudtelefon eller utforma som høyreapparat.
Direkte lydar kan vere effektivt for barn med APD.
Teknisk utstyr er også til hjelp i fritida, og bør prøvast ut i ulike situasjonar og aktivitetar.
 
Informasjon og opplæring i bruk og vedlikehald av høyrselsteknisk utstyr er viktig både overfor brukar, pårørande og barnehage/skule.
  • Knus mytar vedr. bruk av teknisk utstyr.
  • Ha skriftleg brukarrettleiing lett tilgjengeleg.
  • Regelmessig gjennomgang av teknisk utstyr med lærarar og elevar.
  • Ha gode rutinar for kven som skal kontaktast ved tekniske problem.
  • Meld frå med ein gong ved tekniske problem.
  • Oversikt over nettsider med informasjon og instruksjonsvideoar.
Det er kommunen ved barnehage/skule, ev med hjelp frå PPT, som gjennomfører kartlegging og søker om utlån av utstyr frå NAV Hjelpemiddelsentral. I samband med APD utgreiing kan personell ved ØNH-avdeling også søke om utlån av utstyr. NAV Hjelpemiddelsentral finst i alle fylka i landet, og har kompetanse på tilrettelegging for barn med høyrselsvanskar.
 
«Det må godtgjerast ved erklæring frå spesialist i spesialisthelsetenesta at APD ligg føre, eller at bruker har eit funksjonstap som er samsvarande med APD og at hjelpemiddel er nødvendige og formålstenlege for å avhjelpe høyrselshemminga til brukaren. Erklæringa må legge stor vekt på funksjonsbeskriving og beskrive dei tiltaka som er forsøkt og kva effekt dei har gitt. Kva tiltak som blir tenkte prøvd for å betre funksjonsevna til brukaren, skal også beskrivast. Det skal oppgivast eit namn på oppfølgingsansvarleg.»
 
Det er viktig at tekniske hjelpemiddel er eit supplement til og ikkje ei erstatning til den pedagogiske tilrettelegginga.

Auditiv prosessering er eit anna omgrep for lytting. Å lytte er ein komplisert prosess som inneber sansemessige og språklege føresetnader.
 
Lytting består av fleire auditive ferdigheiter som dannar grunnlaget for APD utgreiing, og kan delast opp hierarkisk:
  • Deteksjon/oppdaging av lyd. Evna til å respondere på lyd. Høyrer og er barnet klar over lyden?
  • Diskriminasjon/mønster persepsjon. Evna til å høyre likskapar og forskjellar på to eller fleire lydstimuli.

    Diskriminasjon har fleire stadium:
    – Diskriminasjon av varigheit (dvs. kort v lange lyder, ei staving v fl ere stavingar), intensitet eller tonehøgd.
    – Diskriminasjon av ord som er like lange men har ulik konsonant eller vokal (t.d. katt/hatt). Erfarne lyttarar gjer dette automatisk.
    – Auditiv komplettering: Følgje med og fylle inn det siste ordet «Lille Petter ... »
    – Diskriminasjon av subtile forskjellar i tale, inkludert prosodi (rytme, melodi, intensitet, tonefall) er viktig for å kunne følgje munnlege instruksar.
    – Auditiv syntese – evna til å blande isolerte fonem til ord er sentralt i leseutvikling.
  • Identifikasjon. Gjenkjenning av språklydar, måten dei blir sette saman til ord og blir uttalte for å gi ulik meining.
  • Auditiv forståing. Evna til å forstå det som blir sagt ved å delta i samtaler, svare på spørsmål, følgje instruksjonar og oppsummere.
Auditiv forståing er det høgaste nivået i hierarkiet av auditive ferdigheiter fordi ho representerer brua mellom auditiv persepsjon og høgare ordenskognitive og/eller språklege ferdigheiter.
 
Trening av auditive ferdigheiter bør planleggast ut i frå APD
testresultata, alderen til barnet, og eventuelle andre utfordringar og behov.
 
For elevar med APD er det ei utfordring å skilje tale frå uvesentleg støy. Auditiv trening tek sikte på å betre og effektivisere prosesseringa av både språkleg og ikkje-språkleg stimuli. Intensiv trening på oppgåver både med og utan bakgrunnsstøy bidreg til betre lytteferdigheiter. Tiltak kan vere både uformelle og formelle. 
 

Uformell lyttetrening

Fokus på god kommunikasjon, leik- og lytteaktivitetar som kan redusere barrierar til læring og kommunikasjon. Dette kan også nyttast førebyggjande når APD er mistenkt både hos førskule og skulebarn. Eller i påvente av APD utgreiing. Av og til vil barnet ha behov for meir intensiv trening eller tettare oppfølging enn skule/PPT kan tilby. I slike tilfelle kan barnet tilvisast til ein spesialist med kompetanse på dette området, til dømes audiopedagog eller logoped.
 
Auditiv verbal terapi (AVT) er spesialisert foreldrerettleiing gjennom leik og kvardagsaktivitetar. Det blir basert på tidleg identifikasjon, optimal teknologisk tilgang til lyd og tidleg intensiv foreldrerettleiing for lytting og talespråk. AVT kan vere nyttig for barn og familiar med lyttevanskar. Intensiv oppfølging dei første åra bidreg til redusert behov for oppfølging seinare.
 

Formell lyttetrening

Formell lyttetrening inneber bruk av repeterte øvingar retta mot dei auditive områda barnet har vanskar med, og utnyttar evna hjernen har til forandring (plastisitet). Formell trening må vere tilpassa alderen til barnet og spesifikke funn i utgreiinga. 
 
Det eksisterer ulike databaserte program for auditiv trening retta mot den engelsktalande befolkninga (Earobics, Fast for Words, CAPDOTS og LiSN and Learn). I Noreg har Statped, i samarbeid med St.Olavs hospital, utvikla eit lyttetreningsprogram basert på erfaring og internasjonal forsking. Eit intensivt åtte vekers treningsprogram tilpassa det enkelte barnet, som er utført av lærer i skuletida, viser gode resultat på lyttefunksjon. Her blir brukt nettbaserte lyttetreningsprogram som «CI hva du hører» REF- og lydredigeringsprogrammet Audacity. Oppgåvene blir presenterte på systematisk vis og startar på eit nivå som barnet meistrar. Vanskegrada aukar gradvis. Lyttetreninga blir loggført.
 
Barnet må vere motivert og forstå kvifor og korleis treninga kan betre kvardagen deira. Dette er eit vesentleg poeng for barn som har opplevd lite meistring eller som er lei av skule og utgreiingar.
 
Å jobbe med lytteferdigheiter er viktig for dei som har fått ein diagnose, men også som førebyggjande tiltak der mistanke om APD ligg føre. 
 

Musikk, prosodi og APD

Mange av barna med APD strevar med musikalske element som rytme, tonefall, melodi og intonasjon. Vanskar med rim og reglar frå småbarnsalder, eller oppfatning av stemme og tale gjennom melodi er ofte rapportert.
 
Prosodi blir brukt i kommunikasjonen og uttrykkjer kjensler, relasjonar, empati og tilknyting mellom menneske. Normalhøyrande barn utviklar tidleg ei prosodisk forståing gjennom elementa rytme, melodi, tonefall og intonasjon. Når barnet har lært seg den språklege melodien blir orda lærte gradvis. Barn med høyrselsvanskar, inkludert APD – kan ha vanskar med å tileigne seg prosodiske nyansar og utvikle nødvendig språkforståing.
 
Bruk av musikk i lyttetrening er veldokumentert. Ved å lytte til repetert musikk over tid utviklar ein forståing av ulike musikalske nyansar. Dette fører til at merksemda blir skjerpa og diskriminering av språklydar blir betra.
 
Musikk kan brukast for å fremje aktiv lytting
Det kan vere konkrete oppgåver som å lytte til:
  • Rytmen.
  • Ulike instrument.
  • Teksten, gjenfortelje innhald.
  • Ulike stemningar.
  • Dynamikken.
For eldre elevar kan det vere aktuelt å lytte til rapptekstar. Eventuelt lære dei utanåt og jobbe med dei på ulike måtar. Det kan for eksempel vere å legge trykk og betoning på ulike stader, og snakke med dei eldre elevane om kva som skjer med innhaldet når rytmen blir endra.
 
Mange av barna med APD har «høge skuldrer» som følgje av at dei jobbar hardt for å forstå og oppfatte den informasjonen dei høyrer. Musikk kan også ha ein terapeutisk funksjon brukt til avspent konsentrasjon før lyttetrening, men også i forkant av at eleven skal prestere på prøver.
 

Metakognitive og språklege strategiar

For å bøte på utfordringar i kvardagen kan bruk av kompenserande strategiar lette innlæring og minne for auditiv informasjon. Strategiane blir delte inn i metakognitive og metalingvistiske strategiar.
 
Metakognitive strategiar
Metakognitive strategiar handlar om korleis eleven sjølv reflekterer over eiga læring og kva strategiar eleven nyttar som sjølvregulering, problemløysing og minnestrategiar. Metakognitive ferdigheiter er viktig for kognitiv aktivitet som god munnleg kommunikasjon, forståing for tale og skrift, merksemd, minne og ulike former for sjølvregulering.
 
Metalingvistiske strategiar
Metalingvistiske strategiar handlar om trening på grammatikalske reglar og syntaks,
setningsoppbygging og forståing for rekkefølga av ord i ei setning. Kunnskap om 
syntaksen og setningsoppbygginga til språket vil bidra til betre taleforståinga. For elevar med APD kan det vere vanskeleg å oppfatte små ord, endingar og stavingar. Øving og pugging av grammatikalske reglar og syntaks vil vere med på å lette innlæringa av auditiv informasjon. I eit individuelt tilpassa treningsopplegg vil det vere ein fordel å jobbe metakognitivt. Det vil ha mykje å seie for motivasjonen til eleven at eleven blir involvert, blir forklart kvifor og følgjer eigen progresjon og utvikling gjennom treningsperioden. Auditiv trening, i eit heilskapleg og inkluderande
perspektiv, har vist god effekt på lytteferdigheiter, kognisjon og inkludering.

Å legge til rette for gode lytteferdigheiter er viktig for dei som har fått ein diagnose, men også førebyggjande ved mistanke om APD eller når utgreiing er vanskeleg. Fokus på god kommunikasjon, leik- og lytte-aktivitetar kan redusere barrierar til læring og kommunikasjon, både hos førskule- og skulebarn. 

Oppfølging

Oppfølginga skjer i samarbeid med kommunen ved PPT og blir ofte gjennomført i skulesamanheng. NAV Hjelpemiddelsentral kan hjelpe til med utlån av tekniske hjelpemiddel og rådgiving i tilknyting til dette. Statped kan hjelpe PPT og tilbyr råd og rettleiing i eit heilskapleg perspektiv.

Les meir om tilrettelegging på statped.no

Sist faglig oppdatert 16.09.2025

Kontakt

Ålesund sjukehus ØNH-poliklinikk og operasjonsstove Ålesund

Kontakt ØNH-poliklinikk og operasjonsstove Ålesund

Oppmøtestad

1. etasje, fløy KØ. Meld deg i luke 3.

Pasientar som skal til operasjon skal også melde seg i luke 3, dersom anna ikkje er avtalt.

Hovudinngangen sett frå utsida.

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Parkering

Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.

Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

Betalingsalternativ
  • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
  • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
  • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
  • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering

HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

Oversikt over sjukehusområdet

Oversikt over sjukehusområdet - Ålesund sjukehus
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.  

Kart

For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

Finn fram på sjukehuset med Mazemap

 

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1b
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 16
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. 

Fly

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell

 

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kafé

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.