Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Avrusing

Avrusing på institusjon bør vurderast når eitt eller fleire av følgjande forhold er til stades: Avhengnad av fleire rusmiddel, injeksjonsbruk, omfattande blandingsmisbruk av fleire rusmiddel, tidlegare komplikasjonar ved avrusing og kompliserande tilstandar (som graviditet).

 

Tilvising og vurdering

Desse kan tilvise deg til tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB):

  • Sosialtenesta/NAV
  • Barneverntenesta
  • Fastlege/allmennpraktiserande lege
  • Privatpraktiserande legespesialist
  • Lege ved andre deler av spesialisthelsetenesta
  • Lege i fengselshelsetenesta
  • Anna helsepersonell som har rett til å tilvise til spesialisthelsetenesta

Tilvisinga skal innehalde

  • Tydelig skildring av problemet
  • God anamnese (sjukehistorie bygd på opplysningar frå pasienten) som gjer greie for aktuelle problem/lidingar Informasjon om familie og sosiale forhold
  • Resultat av relevante utgreiingar og undersøkingar
  • Kva som er prøvd av behandling tidlegare både i første- og andrelinja
  • Fråsegn frå fastlegen, sosialtenesta og eventuelt andre
  • Status om individuell plan
  • Framlegg til og/eller ønske om type tiltak

Ordinær tilvising

Vurderingsinstansar i Helse Midt-Norge

Dersom pasienten har behov for poliklinisk behandling og ikkje treng innlegging i døgn, skal tilvising sendast til den poliklinikken som er geografisk nærast der pasienten bur. Tilvisinga blir vurdert der.

Tilvisning poliklinisk behandling:

  • Ropteamet i Volda (Helse Møre og Romsdal), Kløvertunvegen 1, 6100  VOLDA, tlf. 70 05 85 60
  • Ropteamet i Ålesund (Helse Møre og Romsdal), 6026  ÅLESUND, tlf:.70 16 73 00
  • Ropteamet i Molde (Helse Møre og Romsdal), Bj. Bjørnsonsvei 45-47, 6412 MOLDE, tlf. 71 12 29 00
  • Ropteamet i Kristiansund (Helse Møre og Romsdal), Hermann Døhlens veg 1, 6508  KRISTIANSUND, tlf. 71 12 33 35
  • Psykiatrisk ungdomsteam (St.Olav), Klostergata 46, tlf. 73 53 90 00
  • Klinikk for rus- og avhengighetsmedisin/Kompetansesenter rus - Midt-Norge (St.Olav),tlf. 73 86 29 00
  • Avdeling for rusrelatert psykiatri (Helse Nord-Trøndelag), 7600  LEVANGER,
    tlf. 74 09 86 00
  • Avdeling for rusrelatert psykiatri (Helse Nord-Trøndelag), 7800  NAMSOS,
    tlf. 74 21 54 00

Unntak:

  • Tilvising til legemiddelassistert rehabilitering for opiatavhengige skal vere laga i samarbeid mellom pasienten, NAV/sosialtenesta og fastlegen og skal sendast på eigen tilvisning, se under Tilvising til legemiddelassistert rehabilitering(LAR)
  • Ved vedvarande/alvorleg rusmiddelmisbruk kan fastlegen, den kommunalt oppfølgingsansvarleg eller pasienten/pårørende ta kontakt med Klinikk for rus og avhengigheitsmedisn St. Olav eller Ålesund behandlingssenter for snarleg vurdering med tanke på plass for akuttavrusing. Dersom situasjonen er livstruande, kontakt sjukehus på tlf. 113

  • For behandling utan eige samtykke (tvang) fremjar NAV/sosialtenesta sak til Fylkesnemnda for NAV/sosiale saker

  • Dersom det ligg føre rett til nødvendig helsehjelp knytt til døgnbehandling, kan
    kriminalomsorga innvilge § 12-soning

Tilvisingar til døgnbehandling skal sendast til følgjande adresse:

Avdeling for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)
Ålesund  behandlingssenter
Vestmoa 27
6018 Ålesund

Tilvisingsskjema for ordinær tilvising finn du her

 

Tilvising til legemiddelassistert rehabilitering (LAR)

Tilvising av pasientar som er opiatavhengige, bør utarbeidast i samarbeid mellom pasienten, NAV/sosialtenesta og fastlegen. Det skal fyllast ut eit eige skjema som skal sendast til : 

Avdeling for tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB)
Ålesund behandlingssenter
Vestmoa 27
6018 Ålesund

For tilvising  til LAR har vi følgjande tilvisingsskjema:

Tilvisingsskjema LAR

Har du spørsmål om LAR, kan du ringje telefon 70 17 13 62.

Før

Under

Etter

Ver merksam

Meistrings-/kriseplan

Av erfaring veit vi at tida etter utskriving frå døgnbehandling ofte er sårbar og utfordrande for mange pasientar. Under innlegginga vert det difor i tett samarbeid med deg, utarbeida ei meistrings-/kriseplan. Denne skal skildre kva du opplev som dine risikosituasjonar og «triggarar» for rustankar og rusinntak. Den skal vidare skildre kva strategiar du kan nytte for å førebygge slike tankar/situasjonar, og kven du kan kontakte for å få hjelp. Dette skal vere ein enkel, konkret og oversiktleg plan som både du og hjelpeapparatet kan nytte før eller i ein eventuell kritisk situasjon, eller ved tilbakefall.

Kontakt

Ålesund behandlingssenter Avrusing TSB Ålesund

Kontakt Avrusing TSB Ålesund

Oppmøtestad

Resepsjonen ved hovudinngangen.
En bygning med parkeringsplass

Ålesund behandlingssenter

Ålesund behandlingssenter

Vestmoa 27

Transport

Ålesund behandlingssenter ligg ca 5 minutts gange nordvest for bussterminalen på Moa. Gå mot Spjelkavik kyrkje. Det er lagt godt til rette med sykkelveg og fortau. 

Parkering

Merk at nye parkeringasreal ikkje er ferdigstilt enno. Det blir jobba med å få dette på plass så raskt som mogleg. Følg skilting på området for parkering. 

Et skjermbilde av et videospill
Merking på bildet:1. Hovudinngang2. Poliklinikkinngang i underetasjen
Dronebilde av ny veg ved Ålesund behandlingssenter

Foto: Christian Ibsen, Statens vegvesen

Oversiktsbilde Ålesund behandlingssenter.
En vei med sykkelfelt

Foto: Gro Kjoss Lynge

Vegen forbi Ålesund behandlingssenter er den første i Ålesund med sykkelveg med fortau. Ver merksam på mjuke trafikantar ved inn- og utkøyring. Innkøyring til Ålesund behandlingssenter til venstre på bildet.

 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Ta kontakt med personalet for informasjon om trådlaust nett.

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta