Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Avrusing frå benzodiazepiner ved Ålesund behandlingssenter

Avrusing på institusjon inneberer medikamentelle, medisinske, miljøterapeutiske og sosiale tiltak for å hjelpe deg å kome gjennom avrusings- og abstinensfasen ved benzodiazepinavhengigheit. Du får tilbod om opphald i eit skjerma miljø med individuelle tiltak for akkurat din tilstand.

Benzodiazepiner er angstdempande middel og sovemiddel. Desse legemidla er avhengigheitsskapande, og viss dei blir brukt over tid kan det vere vanskeleg å slutte med dei utan hjelp.

Personar som blir innlagt med avhengigheit av benzodiazepiner har ofte samtidig bruk av og avhengigheit til andre rusmiddel. I tillegg viser studiar at ein stor del har samtidig psykisk liding. Innlegging i institusjon, spesielt i startfasen av avrusing frå benzodiazepiner kan bidra til ei grundig kartlegging av omfang av misbruk og vere ein viktig del av ein nedtrappingsplan.


Tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelproblem (TSB) omfattar tilbod om døgnbehandling, dagbehandling og polikliniske tenester.
 

Kven kan tilvise?

Tilvising til tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) kan kome frå:  

  • Sosialtenesta/NAV
  • Barneverntenesta
  • Fastlege/allmennpraktiserande lege
  • Privatpraktiserande legespesialist
  • Lege ved andre delar av spesialisthelsetenesta
  • Lege i fengselshelsetenesta
  • Anna helsepersonell som har rett til å tilvise til spesialisthelsetenesta

Kva skal tilvisinga innehalde?

Tilvisinga skal danne grunnlaget for vurderingane som skal gjerast. Det er derfor viktig at den inneheld mest mogleg komplett informasjon om pasienten og forholda rundt pasienten. 

Tilvisinga skal innehalde følgjande informasjon: 

  • Personopplysingar (namn, adresse, fødselsnummer, telefon)
  • Familieforhold/sosial status
  • Sysselsetting/trygdestatus
  • Uteståande dommar/planlagt soning
  • Historikk rusproblematikk, inkludert tidlegare behandling og skildring av dagens situasjon
  • Historikk og vurdering av psykisk- og somatisk helse
  • Medisinering
  • Mål for iverksett/planlagt habilitering/rehabilitering
  • Involverte instansar, inkludert skildring av samarbeidsrelasjonar
  • Vurdering av rett til Individuell Plan
  • Samtykke til innhenting av relevante opplysingar
  • Relevante epikriser
  • Forslag til type tiltak
  • Vurdering av om det er behov for avrusing for å kunne gjennomføre behandling

Før

Under

Etter

Kontakt

Ålesund behandlingssenter Avrusing TSB Ålesund

Kontakt Avrusing TSB Ålesund

Oppmøtestad

Resepsjonen ved hovudinngangen.
En bygning med parkeringsplass

Ålesund behandlingssenter

Ålesund behandlingssenter

Vestmoa 27

Transport

Ålesund behandlingssenter ligg ca 5 minutts gange nordvest for bussterminalen på Moa. Gå mot Spjelkavik kyrkje. Det er lagt godt til rette med sykkelveg og fortau. 

Parkering

Merk at nye parkeringasreal ikkje er ferdigstilt enno. Det blir jobba med å få dette på plass så raskt som mogleg. Følg skilting på området for parkering. 

Et skjermbilde av et videospill
Merking på bildet:1. Hovudinngang2. Poliklinikkinngang i underetasjen
Dronebilde av ny veg ved Ålesund behandlingssenter

Foto: Christian Ibsen, Statens vegvesen

Oversiktsbilde Ålesund behandlingssenter.
En vei med sykkelfelt

Foto: Gro Kjoss Lynge

Vegen forbi Ålesund behandlingssenter er den første i Ålesund med sykkelveg med fortau. Ver merksam på mjuke trafikantar ved inn- og utkøyring. Innkøyring til Ålesund behandlingssenter til venstre på bildet.

 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Ta kontakt med personalet for informasjon om trådlaust nett.

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta