Avrusing frå opioider ved Ålesund behandlingssenter
Personar som ønsker avrusing av opioider bør innleggast på institusjon etter anbefaling frå helsedirektoratet sine retningsliner for avrusing. Opioider er her brukt som felles nemning på preparat/rusmiddel som for eksempel heroin, morfin, metadon og buprenorfin.
Avrusing på institusjon inneberer medikamentelle, medisinske, miljøterapeutiske og sosiale tiltak for å hjelpe deg å kome gjennom avrusings- og abstinensfasen ved rusmiddelavhengigheit. Du får tilbod om opphald i eit skjerma miljø med individuelle tiltak for akkurat din tilstand.
Helsedirektoratet sine retningsliner for avrusing frå rusmiddel og vanedannande legemiddel
Før
Dersom du er tilknytta legemiddelassistert rehabilitering (LAR) vil vi samarbeide med desse om behandlinga di viss det er ønskeleg.
Du bør lage deg ei oversikt over opioidinntaket ditt den siste tida, slik at dei medisinske og miljøterapeutiske tiltaka kan tilpassast behovet ditt best mogleg. Dersom du har erfaringar med avrusing frå tidlegare, og veit kva som fungerer best for deg, er det viktig å informere behandlaren din om dette.
Vi vil ta kontakt med fastlegen din/tilvisar, men det er også ønskeleg at du informerer oss om eventuelle kroppslege eller psykiske plager du ønsker at vi skal vete om eller forsøke å hjelpe deg med.
Veldig mange gruer seg til avrusinga og slit med eigenmotivasjonen før innlegginga. Dette er noko vi kan hjelpe deg med, så sei ifrå om dette.
Viss du lurer noko, kan du når som helst ta kontakt med oss.
Treng du transport til samtale/ innlegging? Les om pasientreiser på helsenorge.no
Under
I innkallingsbrevet står det informasjon om stad og tidspunkt for oppmøte til innlegging. Nyleg inntak av rusmiddel er inga hindring for å møte til avtalt tidspunkt. Vi kan ta i mot deg i den forma du er.
Når du kjem til avdelinga blir du tatt imot av helsepersonell, og du blir undersøkt av lege. Legen treng nøyaktig informasjon om siste tids inntak slik at den medikamentelle delen av avrusingsbehandlinga kan gjerast så skånsam som mogleg.
Vi overvåker abstinensproblematikk kontinuerleg den første tida. Desse målingane vil hjelpe deg og legen til å finne ein best mogleg nedtrappingsplan. Kva medikament som blir brukt i denne fasen vil variere.
Du vil få tilbud om tilrettelagde miljøterapeutiske tiltak som kan hjelpe mot abstinensplager i denne fasen. Lengda på avrusingsperioden vil variere ut frå tidlegare inntak av rusmiddel og ei individuell vurdering.
Etter
Avrusing er som regel den første delen av eit lengre behandlingsforløp. Vidare oppfølging etter opphaldet vil anten avklarast før du kjem eller i løpet av behandlinga.
Kontakt
Ålesund behandlingssenter
Avrusing TSB Ålesund
Oppmøtestad
Resepsjonen ved hovudinngangen.Adresse
Ålesund behandlingssenter
Ålesund behandlingssenter
Vestmoa 27