Behandling
Avrusing
Avrusing på institusjon bør vurderast når eitt eller fleire av følgjande forhold er til stades: Avhengnad av fleire rusmiddel, injeksjonsbruk, omfattande blandingsmisbruk av fleire rusmiddel, tidlegare komplikasjonar ved avrusing og kompliserande tilstandar (som graviditet).
Tilvising og vurdering
Desse kan tilvise deg til tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB):
- Sosialtenesta/NAV
- Barneverntenesta
- Fastlege/allmennpraktiserande lege
- Privatpraktiserande legespesialist
- Lege ved andre deler av spesialisthelsetenesta
- Lege i fengselshelsetenesta
- Anna helsepersonell som har rett til å tilvise til spesialisthelsetenesta
Før
Du har fått brev eller telefon med dato og klokkeslett for innlegging. Vi er førebudd og klar for å ta i mot deg, og er takksame for om du kjem presis. Dagen blir planlagt ut frå at du møter når du skal. Vi ønsker at du tar med deg oppdatert medisinliste frå fastlegen din når du kjem. Du skal ikkje ta med medisinar, det får du av oss.
Under
Etter
Viss du skal vidare i behandling vil vi hjelpe deg å planlegge transport til neste behandlingsstad. Dersom du skal heim etter du har vore innlagt til avrusing, er du sjølv ansvarleg for transport. Du kan søke pasientreiser om å få dekt billigaste reisemåte med rutegåande transport til og frå behandling, men du vil måtte betale eigendel. Du kan få stadfesting på opphaldet hos oss, og hugs å ta vare på kvitteringar frå reisa. Du kan gå inn på pasientreiser.no og lese meir om dette.
Vi vil sende ein epikrise til dei som elles følger deg opp. Dette er ei oppsummering av opphaldet du har hatt her hos oss.
Ver merksam
Meistrings-/kriseplan
Av erfaring veit vi at tida etter utskriving frå døgnbehandling ofte er sårbar og utfordrande for mange pasientar. Under innlegginga vert det difor i tett samarbeid med deg, utarbeida ei meistrings-/kriseplan. Denne skal skildre kva du opplev som dine risikosituasjonar og «triggarar» for rustankar og rusinntak. Den skal vidare skildre kva strategiar du kan nytte for å førebygge slike tankar/situasjonar, og kven du kan kontakte for å få hjelp. Dette skal vere ein enkel, konkret og oversiktleg plan som både du og hjelpeapparatet kan nytte før eller i ein eventuell kritisk situasjon, eller ved tilbakefall.
Kontakt
Ålesund behandlingssenter
Avrusing TSB Ålesund
Oppmøtestad
Resepsjonen ved hovudinngangen.Adresse
Ålesund behandlingssenter
Ålesund behandlingssenter
Vestmoa 27