Behandling

Behovsstyrt oppfølging av pasienter med IBD

Pasientar som får oppfølging for IBD, ved poliklinikk for mage/tarmsjukdommar i Ålesund, kan få høve til å registrere informasjon om eige sjukdomsforløp ved innlogging på ein digital nettportal. Slik kan ein i større grad medverke i oppfølginga si.

Behovstyrt oppfølging i Helse Møre og Romsdal

Under finn du ein nyttig informasjonsfilm om oppfølginga. Vi anbefaler at du ser denne om du ønsker informasjon om tilbodet, samt før du loggar deg inn for å gjennomføre eigenregistrering for første gang.
Behovstyrt oppfølging i Helse Møre og Romsdal
En svart smarttelefon med en fargerik skjerm

Ved poliklinikk for mage/tarmsjukdommar i Ålesund tilbyr vi oppfølging med regelmessige kontrollar for alle som har IBD. Vanlegvis har vi tilbode slike kontrollar med jevne mellomrom.

Poliklinikken tilbyr no behovsstyrt oppfølging av IBD som eit alternativ til ordinær poliklinisk oppfølging. Dette gir deg som pasient moglegheit til å vere med på å styre når og korleis oppfølging av din IBD skal skje. Oppfølginga blir tettare og til rett tid, men du treng nødvendigvis ikkje å møte opp til poliklinisk time kvar gang. 

Før

Du får tilbod om oppfølging ved hjelp av digital eigenregistrering. Dersom du ikkje har fått eit slikt tilbod, men likevel er interessert i denne typen oppfølging, ta kontakt med avdelinga.

Dette er ikkje ei løysing for umiddelbar hjelp. Kontakt legevakt eller ring 113 viss det hastar.

Under

  1. Du får SMS med lenke når det er tid for eigenregistrering. Du kan logge inn i nettportalen frå smarttelefon, nettbrett eller PC. Innlogging skjer via ID-Porten med elektronisk ID (BankID). Rapporten blir fylt ut på ein sikker nettportal, levert av underleverandøren til sjukehuset, CheckWare
  2. Når du har logga inn får du digitale spørreskjema med 10 spørsmål rundt utfordringar. Dette må du fylle ut kvar 4. månad og ein gong i året skjema om livskvalitet. Du kan og frivillig fylle ut ved endring i situasjonen.
  3. IBD-sjukepleiar går gjennom svara dine, og ut frå desse blir du ved behov kontakta per telefon for utfyllande vurdering eller du blir sett opp til time med lege eller IBD-sjukepleiar. Dersom det ut frå svara ikkje kjem fram forhold som krev vidare vurdering, høyrer du ikkje noko frå oss før du får nytt skjema fire månader seinare. Då oppfattar vi at tilstanden din er stabil og tilfredsstillande.
  4. Ved behov kan du kontakte oss direkte gjennom innlogging på di side òg utanom dei kvartalsvise skjema; det er en gevinst ved behovsstyrt oppfølging.

Følg lenke under for å levere skjema.
Trykk her for å logge inn og fylle ut skjema (CheckWare)

Etter

Du står fritt til å avbryte den digitale oppfølginga og gå tilbake til ordinær oppfølging når du måtte ønske det. Ta kontakt med oss dersom du ikkje lenger ønsker tilbodet om digital eigenregistrering.   

Kontakt

Ålesund sjukehus Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund

Kontakt Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund

Oppmøtestad

Poliklinikk for mage- og tarmsjukdommar er lokalisert i 4. etasje i lågblokka, på nordsida av sjukehuset. Gå til poliklinikkane, inngang nord (Åsehaugen 5A) og følg den grøne streken på veggen.

Adresse

Opningstider
  • I dag 08:00 - 16:00
  • Måndag 08:00 - 16:00
  • Tysdag 08:00 - 16:00
  • Onsdag 08:00 - 16:00
  • Torsdag 08:00 - 16:00
  • Fredag 08:00 - 16:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ ​

Endra parkeringsområde og stengd inngang nord (poliklinikkinngangen) 

20. november 2023 stengde vi Inngang nord (poliklinikkinngangen) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging. Under får du oversikt over dei nye parkeringsområda og inngang til sjukehuset. 

Kart
Stengd inngang er markert med raudt kryss. 

Markerte område på bildet

  • Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande
  • Gul markering: HC-parkering
  • Raud markering: Parkering for blodgivarar
  • Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis
  1. Hovudinngang
    Merk av- og påstiging "kyss og køyr sone" utanfor barne- og ungdomsavdelinga
  2. Administrasjonsbygget
  3. Akuttmottaket
  4. Alderspsykiatrisk døgn
  5. Alderspsykiatrisk poliklinikk
  6. Apotek
  7. Audiopedagogen
  8. Barne- og ungdomsavdelinga
  9. BUP
  10. Dagkirurgi Aust
  11. Habiliteringsbygget
  12. Kreftavdelinga
  13. Psykisk helsevern døgn
  14. Psykisk helsevern poliklinikk
  15. UPA
  16. Åse hotell
  17. Åsebøen 1
  18. Åsebøen 5

Besøkande ved habiliteringsbygget, pårørande til barn ved audiopedagogen og barne- og ungdomsavdelinga kan få spesialbevis ved å ta kontakt med avdelingane.  

 

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

 

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

 

 

 

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.