Ved poliklinikken tilbyr vi oppfølging med regelmessige kontrollar på poliklinikken for alle som har diabetes type 1. Vanlegvis har vi tilbode slike kontrollar ca ein gang i året. For nokon blir det for sjeldan.
Poliklinikken tilbyr no digital behovsstyrt oppfølging av diabetes type 1 som eit alternativ til ordinær poliklinisk oppfølging. Dette gir deg som pasient moglegheit til å vere med på å styre når og korleis oppfølging av din diabetes type 1 skal skje. Oppfølginga blir tettare og til rett tid, men du treng nødvendigvis ikkje å møte opp til poliklinisk time kvar gang.
Før
Du får tilbod om oppfølging ved hjelp av digital eigenregistrering. Dersom du ikkje har fått eit slikt tilbod, men likevel er interessert i denne typen oppfølging, ta kontakt med avdelinga.
Dette er ikkje ei løysing for umiddelbar hjelp. Kontakt legevakt eller ring 113 viss det hastar.