Før inngrepet må du faste. Det inneber at du ikkje kan ete, drike, tygge tyggegummI/drops, snuse eller røyke. Vi tar også ei blodprøve for å sjå om du har aukt risiko for blødningar.
Nyttar du blodtynnande medisin, tek du dette opp med legen som sendte deg til undersøkinga. Vanlegvis må du halde opp med å ta blodtynnande medisin opptil sju dagar før prøvetakinga.
Frammøte på sjukehuset
Ved dei fleste biopsiar vil du bli innlagt før prosedyren (unntak: overflatiske biopsiar). Meld deg ved den avdelinga som er avtalt i innkallingsbrevet/kontakt på telefon.