Behandling
Cøliakibehandling med glutenfri kost
Rundt 1–2 prosent av det norske folket har cøliaki. Sjukdommen har blitt meir vanleg, og helsevesenet har blitt flinkare til å stille diagnosen. Cøliaki er ein autoimmun sjukdom som kjem av oversensitivitet for proteinet gluten. Glutenfri kost er den einaste behandlinga av cøliaki. Behandlinga er, når diagnosen er stilt, livsvarig.
Proteinet gluten finst i kveite, rug, bygg og spelt. Ved cøliaki vil inntak av gluten gjere at immunsystemet i slimhinna til tynntarmen blir aktivert, og tarmtottane blir nedbrotne. Følgene er at evna tarmen har til å ta opp næringsstoff frå kosten, blir svekka, og heile kroppen blir påverka av betennelsen.
Tilvising og vurdering
Før
Den viktigaste førebuinga før oppstart med glutenfri kost, er å ikkje starte utan at diagnosen cøliaki er stilt av gastroenterolog på ein tilfredsstillande måte.
Under
Glutenfri kost betyr eit kosthald som ikkje inneheld kveite, rug og bygg, og heller ikkje variantar av desse (som spelt, durumkveite, einkorn, emmer, tritikale og kamut). Havre har protein som liknar på gluten, men i låge konsentrasjonar. Dei aller fleste med cøliaki toler havre. Men mange havreprodukt, som kjeks og kornblandingar, kan vere kontaminerte med gluten gjennom produksjonsprosessen. I Noreg anbefaler vi derfor spesialprodusert, glutenfri havre til dei med cøliaki.
Etter
Spesielle forhold hos barn
Ver merksam
Kontakt
Ålesund sjukehus
Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund
Oppmøtestad
Poliklinikk for mage- og tarmsjukdommar er lokalisert i 4. etasje i lågblokka, på nordsida av sjukehuset. Gå til poliklinikkane, inngang nord (Åsehaugen 5A) og følg den grøne streken på veggen.
Adresse
- I dag 08:00 - 16:00
Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5
Transport
Praktisk informasjon
Kurs
- 5.november2024