Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Brukarstøtte for eBehandling

I samband med bruk av behandlingsprogramma i eBehandling kan det dukke opp vanskar knytt til tilgang, pålogging og sjølve behandlinga. På denne sida vil vi forsøke å hjelpe deg med dette.

Innlogging og tekniske vanskar

  • IDporten skal brukast til innlogging. Det er same type innlogging som i nettbanken din eller andre offentlege tenester som Altinn og Helsenorge.no. 
  • Innlogging er ikkje tilgjengeleg før du har fått ein SMS frå eBehandling om at du kan starte opp i behandlinga.
  • Har du fått SMS, men innlogging fungerer likevel ikkje? Ta kontakt med din behandlingsstad.

Behandlingsstader for eBehandling i Helse Møre og Romsdal

Dersom du opplev tekniske vanskar under sjølve behandlinga, må dette beskrivast best mogeleg og tas opp med din behandlar i ein melding inne i programmet.

Innhald i behandlingsprogrammet

Kvart behandlingsprogram inneheld kapittel med ulike tema du skal lese. Det er også knytt spørsmål til kvart kapittel som du skal svare på. I tillegg skal du jobbe med ulike oppgåver og øvingar gjennom heile behandlingsforløpet. 

Kvar veke vil du få tilgang til eit nytt kapittel, dersom du er ferdig med det førre. Før du får tilgang til eit nytt kapittel, vil du bli bedt om å fylle ut nokre spørjeskjema før du får tilgang til det nye innhaldet. Dette er for at du og din behandlar skal kunne følge med på korleis det går med deg undervegs og kunne evaluere om du er på rett spor.

Kommunikasjonen mellom deg og behandlar skjer via ei meldingsteneste inne i behandlingsprogrammet. Om du har spørsmål eller ønsker å formidle noko undervegs i behandlinga skal du først og fremst bruke denne meldingstenesta. 

Ved behov kan behandlaren din også ta kontakt med deg på telefon, eller sette opp ein ordinær samtale.

Meldingstenesta er ikkje ein chat der behandlaren les meldingane umiddelbart. Ved oppstart vil behandlaren din gi beskjed om kva dagar han eller ho vanlegvis er innlogga og gir deg tilbakemeldingar på arbeidet du har gjort. 

Alle pasientar som får tilbod om eBehandling blir bedt om samtykke til forsking. Dette er for at vi skal kunne evaluere og vidareutvikle behandlingstilbodet. Alle data blir anonymiserte og kan ikkje identifiserast. 

Du vil få meir informasjon om samtykke til forsking i vuderingssamtalen med behandlaren din, og når du loggar inn i eBehandling. 

Følgande forskingsspørsmål blir undersøkt

  • Kva er effekten av rettleia internettbehandling i ordinær klinisk praksis? 
  • Kva kjenneteikner dei som har hatt nytte av rettleia internettbehandling i ordinær klinisk praksis?
  • Kva er dei helseøkonomiske konsekvensane av å bruke rettleia internettbehandling i ordinær klinisk praksis?

Sjå også

Svar på ofte stilte spørsmål - ebehandling.no

Sist oppdatert 24.09.2026