Undersøking
EIA-test
Ein EIB-test er ei utgreiing av astma utløyst ved fysisk påkjenning. Frå 6-7 år blir utgreiinga gjennomført som ei tredemølletest, og for mindre barn som ein herjetest med løping i gang/trapp.
Tilvising og vurdering
Det er fastlegen som tilviser til sjukehuset for EIB test.
Før
- Du kan ete frukost, men ikkje vere for mett rett før undersøkinga.
- Unngå å anstrengje deg fysisk same dag som undersøkinga.
- Ta med klede som er lett å bevege seg i. Gjerne joggesko og treningstøy.
- Nokre astmamedisinar kan påverke resultatet, Det er viktig at du følger desse anbefalingane:
- Dei siste 8 timane før testen skal du ikkje ta anfallsmedisin anfallsmedisin (av typen Beta-2-antagonister / Ipratropium-bromid) som Ventoline, Bricanyl, Airomir, Ipraxa eller Atrovent, dersom ikkje anna er avtalt.
- Dei siste 24 timane før testen skal du ikkje ta Oxis, Symbicort, Serevent, Seretide eller Singulair, ta langtidsvirkende medisiner (av typen Beta-2-antagonister inkludert kombinasjonspreparat) som Serevent, Seretide, Symbicort, Oxis eller Relvar Ellipta.
- Dei siste 48 timane før testen skal du ikkje ta langtidsvirkende medisiner (av typen Leukotrienantagonister) som Singulair eller Montelukast.
- Inhalasjonsstereoidar som Pulmicort, Flutide, Aerobec eller Alvesco kan takast som vanleg.
Dersom du nyleg har hatt, eller har ein pågåande infeksjon i luftvegane de siste to vekene, eller ei tydeleg forverring av din astma må du ta kontakt med oss. Da kan vi vurdera om vi kan gjennomføra testen, eller om vi må sette opp ein ny time til deg.
Under
Testen utførast helst på tredemølle, men ergometersykkel kan også nyttast. Belastningstestar er viktig for blant anna å måle yteevna, lungefunksjonen og surstoffkonsentrasjonen samt hjartefunksjonen under fysisk aktivitet.
Undersøkinga startar med pusteprøve/spirometri. Deretter springer du på tredemølle med høg intensitet i 8 minutt. Under testen vil testleiar/sjukepleiar og eventuelt lege vere til stades for å følgje med. Vi nyttar vanlegvis pulsklokke undervegs.
Etter testen blir det gjort fleire nye pusteprøver/spirometriar fram til 20 minutt etter avslutta belasting på tredemølla.
Etter
Dersom vi finn teikn til astma med redusert lungefunksjon eller symptom under eller etter testen, vil du få behandling med Ventoline eller tilsvarande. Nokon vil ha behov for meir medisin i etterkant av testen.
Resultatet av undersøkinga vil bli gitt under legekonsultasjonen etter testen.