Eksponering med responsprevensjon (ERP) for barn og ungdom
Eksponering med responsprevensjon (ERP) er ein effektiv behandlingsmetode ved tvangslidingar. ERP inneber å eksponera/utsetja seg for ubehagelege situasjonar. Ved å øva på dette kan ein læra å meistra ubehaget ved å tolerera angsten, og la vera å utføra tvangshandlingar. Behandlinga føreset at du er motivert og blir utført i kombinasjon med kognitiv terapi.
Før
Du må vera motivert for å ta imot denne typen behandling. Det må vera tilstrekkeleg plass i kvardagen din til å ha nok tid og søkjelys på behandlinga, noko som i ein periode kan gå ut over deltaking i skule og andre aktivitetar og oppgåver.
Under
I behandlinga lagar du eksponeringsoppgåver saman med terapeuten din. Du gjennomfører oppgåvene saman med terapeuten og åleine (eventuelt saman med foreldre), enten på terapikontoret, heime hos deg sjølv eller andre stader der det er nyttig å jobba med tvangen. Gjennom dette skal du læra deg å ikkje la tvangen (OCD-en) få styra kvardagen din
Vanlegvis går behandlinga over tre månader med inntil 14 behandlingsmøte. Behandlinga er som regel individuell, men ofte er det heilt nødvendig med informasjon og deltaking av føresette/pårørande.
Behandlingstimane varer i 45 – 90 minutt, 1-2 gonger kvar veke. Mellom timane får du i oppgåve å trena vidare på det du har lært. OCD-behandlaren fungerer som ein personleg trenar, og gir deg konkret hjelp til å gjennomføra behandlinga på den måten som er mest effektiv og nyttig.
Dersom du allereie får behandling for andre lidingar enn tvinga, eller det viser seg å vera behov for det, blir du vanlegvis følgt opp av ein annan behandlar undervegs eller i etterkant av OCD-behandlinga.
Etter
Det er viktig å halda fram med å bruka det du har lært i behandlinga. Mot slutten av terapiforløpet vil me snakka saman om korleis du kan redusera faren for tilbakefall.
Mange behandlingsstader har ein oppfølgingsperiode etter behandling der du trenar på eigenhand og møter til enkeltståande oppfølgingstimar, til dømes tre og seks månader etter behandling.