Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Etterstær etter grå stær

Etter operasjon av grå stær oppstår det hos nokre ein uklarleik i attverande linsekapsel etter veker til månader. Dette kan føre til nedsett syn. Om det skjer, kan ein gjere laserbehandling av kapselen som er igjen, der ein lager eit hol i den uklare kapselen. Da vil ein, etter behandlinga, kunne sjå gjennom dette holet.

Tilvising og vurdering

Tilvising kan komme frå private augelegar, optikar eller fastlege. Tilvising blir vurdert etter nasjonale retningslinjer. 

Tilvising må innehalde  :
  • synstest 
  • augebotnsrefleks 
 
Anamnese:  
 
  • Kor lenge har synsnedsettinga vart? 
  • Når blei pasienten kataraktoperert? 
 


 

Før

Før behandlinga startar, tar vi ein synstest og måler trykk på auget. Etterpå får du augedropar som utvidar pupillen og bedøvande augedropar på det aktuelle auget. I forbindelse med augedropane kan du oppleve ein forbigåande svie.

Under

Du sit framfor ein laser under behandlinga. Laseren blir brukt til å lage hol i den attverande linsekapselen, slik at lys kan passere gjennom netthinna i auget. Laserbehandlinga gir minimalt ubehag. 

Etter

Det er ingen medisinske restriksjonar i etterkant av behandlinga. Nokre opplever forbigåande uklart syn på grunn av augedropane. Det er heller ikkje uvanleg med «flygande fluger» (mouches volantes) i synsfeltet den første tida etter behandlinga. Dette er små flekkar/trådar/prikkar som sklir framfor synsfeltet. 

Du bør ikkje køyre heim frå behandlinga sjølv. Avtal med behandlande lege når du eventuelt kan køyre att. 

Normalt er det ikkje behov for kontroll etter behandlinga. 


 

Sist faglig oppdatert 12.12.2025

Kontakt

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset Augepoliklinikk SNR

Kontakt Augepoliklinikk SNR

Oppmøtestad

2. etasje, fløy F (2F). 

Dronebilde av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset. Eit sjukehus ved fjorden. Arbeid med uteområdet gjenstår.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset

Opdølvegen 4

6450 Hjelset

Transport

Pasientreiser

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss til sjukehuset

Det er busstopp like ved hovudingangen til sjukehuset.

FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvaret for kollektivtilbudet i fylket. For å søke opp ruter på ein spesifikk trasé, sjå: https://frammr.no/

PDF-tabellane blir også oppdaterte ved endringar: https://frammr.no/reise/rutetabellar-og-linjekart/buss/

Fly

Molde lufthavn, Årø ligg om lag 16 km frå sjukehuset.

Kristiansund lufthavn, Kvernberget ligg om lag 48 km frå sjukehuset.

Parkering 

Det blir ca 1200 parkeringsplasser ved SNR Hjelset. Sjå eigen informasjon under Kart og parkering. 

 

Parkering

Vi har fått automatisk skiltgjenkjenning som registrerer deg når du kjem. Etter besøket kan du gå til betalingsautomat, registrere bilnummeret og betale for tida du har parkert.

Du kan også velje automatisk betaling via appen EasyPark. Les meir kameraparkering på EasyPark si nettside 

Diagram, kart
Du finn parkeringsområde nord (P3) og nordvest (P2) for sjukehuset. HC-parkering finn du også like ved hovudinngangen. Parkeringsområdet ved Hjelsetvegen (P12) er tilgjegeleg både for tilsette og besøkande.

Kart

For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

Finn fram på sjukehuset med Mazemap

 

Etasjeoversikt SNR Hjelset

 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Apoteket ligg rett til venstre når du kjem inn hovudinngangen til SNR Hjelset. 

Opningstider og kontaktinformasjon til sjukehusapoteket på Hjelset kan du finne her

Kafé SNR

Like innom hovudvestibylen i 2. etasje finn du Kafé SNR. Her tilbyr vi lunsj- og middagsrettar, stor salatbar, kaker, fast food og påsmurt bakst. 

Opningstider

Mandag - fredag: kl 9:00-20:00

Laurdag og søndag: kl 10:00-18:00

 

Kiosk

Ved SNR Hjelset har vi også kiosk 24/7 i form av smarte vareskap og drikkeautomatar på sjukehuset. Her får du kjøpt drikke, sjokolade, snacks, gåveartiklar og matrettar frå kjøkkenet. Vi har også Espresso House Barista stasjon.  

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.