Du må ikkje ete mat dei 2 siste timane før oppmøte. Ungdom som røyker må ikkje røyke dei siste 12 timane før test.
Testen er uaktuell å gjennomføre dersom du har, eller nyleg har hatt, luftvegsinfeksjon som lungebetennelse eller bronkitt.
FeNO test er ein pustetest som måler nivået av nitrogenmonoksid (NO) i utpust. NO gir eit uttrykk for grad av (astmatisk) betennelse i luftvegane.
Poliklinikken held til i barne- og ungdomsavdelinga, eit eige bygg like ved hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Åsehaugen 5