FeNO-test, Ålesund
FeNO test er ein pustetest som måler nivået av nitrogenmonoksid (NO) i utpust. NO gir eit uttrykk for grad av (astmatisk) betennelse i luftvegane.
Før
Du må ikkje ete mat dei 2 siste timane før oppmøte. Ungdom som røyker må ikkje røyke dei siste 12 timane før test.
Testen er uaktuell å gjennomføre dersom du har, eller nyleg har hatt, luftvegsinfeksjon som lungebetennelse eller bronkitt.
Under
Du skal blåse med eit jamt lufttrykk inn i eit røyr med litt motstand i 6-10 sekund. Du får hjelp frå apparatet og lege/sjukepleiar til å halde rett «trykk» på utpusten.
Etter
Svaret kjem omgåande etter gjennomført test og vil vanlegvis bli formidla i samband med legetime same dag.
Kontakt
Ålesund sjukehus
Poliklinikk barn og ungdom Ålesund
Oppmøtestad
Poliklinikken held til i barne- og ungdomsavdelinga, eit eige bygg like ved hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Adresse
- I dag 08:00 - 16:00
![Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus](/4b10b8/siteassets/bilde/stader/_mg_1036-2.jpg?format=webp&width=512&height=293&rxy=0.6%2c0.43&quality=80)
Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5