Laparascopisk cholecystectomi
Fjerning av galleblære
Ved gallestein eller annan sjukdom i galleblæra kan det bli nødvendig å fjerne galleblæra. Den vanlegaste metoden når vi skal fjerne galleblæra er kikholskirurgi, også kalla laparoskopisk kirurgi. Å fjerne galleblæra blir gjort enten dagkirurgisk eller ved å bli innlagd på sjukehus.
Før
Det er viktig at du følgjer instruksjonane om korleis du skal kome godt førebudd til sjukehuset.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Smykke, piercing, neglelakk, gelenegler og lause negler skal fjernast før innlegging. Dersom piercing er vanskeleg å fjerne, kan du risikere at den blir klipt. Betennelse/hudreaksjon rundt piercing som er nær operasjonsfeltet skal behandlast før operasjonen. Vi kan ikkje operere pasientar med smykker/piercing, då det kan føre til brannskade på både pasient og personale.
Dersom du bruker blodfortynnande medisinar eller andre medisinar må det avtalast med lege om du skal slutte med dette føre operasjonen.
Med mindre legen har gitt annan beskjed skal du ta faste medisinar om morgonen på operasjonsdagen saman med 1/2 glas vatn. Ta med liste over dei faste medisinane når du kjem til sjukehuset.
På morgonen operasjonsdagen skal du også ta ein grundig dusj med hårvask. Du skal ikkje ha på krem eller sminke etter at du har dusja.
Det er vanleg å barbere området som skal opererast. Dette blir gjort på sjukehuset, og du skal ikkej gjere det sjølv hvis ikkje anna er sagt.
Under
Etter
Under og etter operasjonen får du væske intravenøst. Du får drikke og ete når du har våknar.
Du kan stå opp innan ein time, og vanlegvis kan ein reise heim etter 2–4 timar. Utifrå tilstanden din og når på dagen du vart operert vurderer kirurgen også om du må overnatte på sjukehuset.
Smerter
I dei neste dagane kan du kjenne ubehag på grunn av gassen som vert sett inn i bukhola under operasjonen. Det er derfor naturleg å føle seg oppblåst i magen, kjenne smerter i skuldrene og oppleve at det er tungt å trekke pusten første tida. Plagane gir seg gradvis og vert heilt borte etter tre til fem dagar. Du får smertestillande etter behov når du er på sjukehuset. I tillegg får du med nokre smertestillande tablettar heim, i tillegg til resept.
Sjukmelding
Det er ikkje skadeleg med aktivitet etter operasjonen. Lytt til kroppen din og auk den fysiske aktiviteten etterkvart. Unngå tunge løft i to til fire veker.
Ein blir vanlegvis sjukmeld i ei veke etter operasjonen ved kikholskirurgi. Ved open operasjonsteknikk blir ein vanlegvis sjukmeld i to til tre veker. Dersom du treng forlenging av sjukmeldinga di kan du ta opp dette med fastlegen din.
Kosthald og fordøyelse
Du kan ete vanleg mat etter å ha fjerna galleblæra. Unngå store og feittrike måltid dei to første månadene. Det er ikkje unormalt å bli litt treig i magen og ha luft i tarmane. Du kan sjølv hjelpe til ved å halde deg i aktivitet, samt få i deg rikeleg med drikke og gjerne fiberrik mat.
Hygiene
Dersom du er operert med kikholskirurgi kan du dusje etter 2 dagar. Ta av bandasjen etter dusjing. Såra bør lufttørke før du set på nye sterile bandasjar. Dersom såra er tørre etter 4 dagar er det ikkje nødvendig å bruke bandasje.
Transport
Du kan ikkje køyre heim sjølv etter operasjonen. Husk at du kan ha rett på tilrettelagt transport eller å få dekt reiseutgiftene dine. Les meir om pasientreiser (helsenorge.no)
Oppfølging
Det er ingen rutinemessig kontroll hos kirurg eller hos fastlege etter operasjonen, men det blir gitt individuell oppfølging tilpassa ditt behov. Galleblæra som opererast ut blir sendt til histologisk undersøking ved behov.
Kontakt
Molde sjukehus
Dagbehandling Molde
Ventetid: 0 - 12 uker
Ventetid: 0 - 12 uker
Kontakt Dagbehandling MoldeOppmøtestad
Oppmøte i 4. etasje ved seksjon for dagbehandling.Molde sjukehus
Parkveien 84
6407 Molde