Glaukom

Grøn stær-operasjon (trabekulektomi)

Har du grønn stær (glaukom) er synsnerven skada. Om anna behandling ikkje har effekt, kan kirurgi vere aktuelt. Hensikta med ein slik operasjon er å skapa eit avløp for væska (kammervatnet) inne i auget slik at trykket fell. Ein av operasjonane for å redusere trykket i auget er kalla trabekuletomi.

Operasjonen omtrent ein time. Det kan gjerast under lokalbedøving eller narkose, altså mens du er lagt i søvn.

Før

Under

Etter

Ver merksam

Kirurgi ser ut til å fungere like godt som laserbehandling eller augedråpar, men kan gje biverknader. Alle kirurgiske inngrep er forbundet med risiko, dette gjeld også operasjon for grøn stær. Alvorlege komplikasjonar er heldigvis sjeldne. Dei vanlegaste komplikasjonane er:

  • Utvikling av grå stær (katarakt). Det er kjent at operasjon for grøn stær kan framskynde utviklinga av grå stær. Dersom det blir utvikla grå stær med innverknad på synet, får du effektiv behandling i form av grå stær-operasjon.
  • Bløding. Mindre blødingar i framre del av auget er ikkje uvanleg. Bløding vil ha forbigåande innverknad på synet, men er elles stort sett utan betyding for det endelege resultatet.
  • Betennelse. Det vil alltid vere lett grad av betennelse (inflammasjon) i eit nyoperert auge. Auget kan derfor vere litt ømt dei første dagane. Alvorleg bakterieinfeksjon er svært sjeldan, men kan vere trugande for synet.
  • Svekking av sentralsynet som komplikasjon til operasjonen er sjeldan, men kan skje ved langtkommen grøn stær eller ved uønska langvarig lågt trykk. Om svekka syn skuldast svært lågt trykk, vil vi kunne gjennomføre alternative behandlingsmetodar for dette.
Sist faglig oppdatert 11.03.2025

Kontakt

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset Augepoliklinikk SNR

Kontakt Augepoliklinikk SNR

Oppmøtestad

2. etasje, fløy F (2F). 

Dronebilde av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset. Eit sjukehus ved fjorden. Arbeid med uteområdet gjenstår.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset

Opdølvegen 4

6450 Hjelset

Transport

Pasientreiser

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss til sjukehuset

Det er busstopp like ved hovudingangen til sjukehuset.

FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvaret for kollektivtilbudet i fylket. For å søke opp ruter på ein spesifikk trasé, sjå: https://frammr.no/

PDF-tabellane blir også oppdaterte ved endringar: https://frammr.no/reise/rutetabellar-og-linjekart/buss/

Fly

Molde lufthavn, Årø ligg om lag 16 km frå sjukehuset.

Kristiansund lufthavn, Kvernberget ligg om lag 48 km frå sjukehuset.

Parkering 

Det blir ca 1200 parkeringsplasser ved SNR Hjelset. Sjå eigen informasjon under Kart og parkering. 

 

Parkering

Vi har fått automatisk skiltgjenkjenning som registrerer deg når du kjem. Etter besøket kan du gå til betalingsautomat, registrere bilnummeret og betale for tida du har parkert.

Du kan også velje automatisk betaling via appen EasyPark. Les meir kameraparkering på EasyPark si nettside 

Diagram, kart
Du finn parkeringsområde nord (P3) og nordvest (P2) for sjukehuset. HC-parkering finn du også like ved hovudinngangen. Parkeringsområdet ved Hjelsetvegen (P12) er tilgjegeleg både for tilsette og besøkande.

Kart

For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

Finn fram på sjukehuset med Mazemap

 

Etasjeoversikt SNR Hjelset

 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Apoteket ligg rett til venstre når du kjem inn hovudinngangen til SNR Hjelset. 

Opningstider og kontaktinformasjon til sjukehusapoteket på Hjelset kan du finne her

Kafé SNR

Like innom hovudvestibylen i 2. etasje finn du Kafé SNR. Her tilbyr vi lunsj- og middagsrettar, stor salatbar, kaker, fast food og påsmurt bakst. 

Opningstider

Mandag - fredag: kl 9:00-20:00

Laurdag og søndag: kl 10:00-18:00

 

Kiosk

Ved SNR Hjelset har vi også kiosk 24/7 i form av smarte vareskap og drikkeautomatar på sjukehuset. Her får du kjøpt drikke, sjokolade, snacks, gåveartiklar og matrettar frå kjøkkenet. Vi har også Espresso House Barista stasjon.  

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.