Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Hjarterehabilitering
Alle som har hatt hjarteinfarkt, er behandla med utblokking av kransearteriar eller har operert kranseårar ved bypass-operasjon, kan få tilbod om hjarterehabilitering.
Hjarterehabilitering finn du fleire stadar i Helse Møre og Romsdal og inneheld trening og undervisning, samt medisinsk oppfølging individuelt og i grupper.
Trening er ein viktig del av rehabiliteringa. Det er trening ein til to gonger i veka alt etter kva slags forløp du får tilbod om. Treninga kan vere ein kombinasjon av digital oppfølging og fysisk oppmøte på sjukehuset, i tillegg til eigentrening. Hjarterehabiliteringa vil rettleie, informere og gi deg råd, samtidig som du sjølv tek aktivt del i di eiga rehabilitering. Gjennom undervisning og individuell oppfølging vil du få kunnskap og innsikt rundt eigen sjukdom, slik at du blir betre i stand til å meistre sjukdomen og kjenne deg trygg.
Ofte er det ei tverrfagleg gruppe med sjukepleiar, fysioterapeut, hjartelege og klinisk ernæringsfysiolog som skal hjelpe deg.
Mål med hjarterehabiliteringa
Eit av måla med hjarterehabilitering er å gjere deg trygg. Vi vil gi deg auka kunnskap om hjartesjukdommen og erfaring med kva hjartetrening er, slik at du etter hjarterehabiliteringa kan fortsette liknande trening. Kunnskapen vil gjere deg bevisst på kva du må passe på for å førebygge ny hending.
Tilvising og vurdering
For å delta på hjarterehabiliteringa må du ha tilvising frå lege. Det skjer som oftast ved utskriving frå hjartemedisinsk sengepost. Om du har fått behandling andre stader kan du gå til fastlegen din for å få tilvising.
Før
Etter utblokking eller hjarteinfarkt kan du vanlegvis starte rehabilitering ei veke etter utskriving. Om du er hjarteoperert kan du starte med rehabilitering fire til seks veker etter operasjonen, men allereie første veka etter hjartehendinga bør du kome i gong med å gå lette turar heime.
Det er inga øvre aldersgrense for hjarterehabilitering, men du må ha eit visst fysisk funksjonsnivå for å delta. Du må kunne klare å gå ein tur på 15 - 30 minutt på flat veg. Samtidig må du vere motivert for trening.
Svare på spørreskjema
Når vi har motteke tilvisninga di, vil du motta ei tekstmelding (SMS) frå oss med lenke til denne informasjonssida slik at du kan gjere deg kjent med rehabiliteringstilbudet aller først. Dernest får du ein ny SMS der vi ber om at du loggar deg inn med BankID og svarar ut nokre enkle avkryssingsspørsmål. Vi brukar svara dine til å planlegge helsehjelpa di best mogleg.
Du kan også krysse av for at du ønsker å avvente i ein månad viss du ikkje er heilt klar til å ta stilling til hjarterehabiliteringstilbodet enno. Då avventar vi og sender ut den same SMS-en på nytt ein månad seinare.
Vidare vil du tre dagar etter at vi har motteke tilvisinga di få tilgang til vår digitale hjarteskule via SMS. Du må også her logge inn med BankID.
Du må gjerne ta kontakt med oss på hjarterehabiliteringa når som helst viss det er noko du lurer på. Kontaktopplysningane og kontortider finn du lengre nede på denne sida.
Hjarterehabiliteringa består av både undervising, trening og medisinsk oppfølging.
Hjarteskule
Få dagar etter vi har motteke tilvisinga di vil du få tilgang til vår digitale hjarteskule via SMS. Du må også her logge inn med bankID.
Aktuelle tema for hjarteskulen er:
Kosthald
Blodtrykk og kolesterol
Fysisk aktivitet
Stressmeistring
Medisinar
Hjartesjukdom
Å leve med hjartesjukdom
Endring av livsstilsvanar (fysisk oppmøte – nærmare beskjed kjem).
Trening
Treningane blir leia av fysioterapeut eller sjukepleiar. På første trening blir vi kjend med deg og kan tilpasse intensiteten etter di fysiske form og kondisjon.
Trening på hjarterehabiliteringa skal kombinerast med eigentrening. Du får råd og rettleiing og lagar treninga slik du ønsker å trene. Trening skal vere motiverande og ha riktig intensitet, derfor er det viktig at du tek eigarskap i utforming av eigentreninga. På den måten blir det lettare å halde på gode vanar vidare.
Treningsprogrammet som blir gjennomført på hjarterehabiliteringa er til dømes 4x4 minutt intervall. Det betyr 4 minutt med høg intensitet som ein gjentek 4 gongar. Hjartetrening er kondisjonstrening som betyr at du skal bli andpusten og sliten. Programmet 4x4 minutt intervall med høg intensitet er godt dokumentert er ein trygg treningsform for hjartepasientar. Programmet blir brukt hos dei fleste hjerterehabiliteringar i landet. Etter intervalltreninga følgjer til dømes 15-20 minutt med stabilitet- og styrketrening.
Treningane kan vere både på tredemølle, ergometersykkel og i treningssal - sjå eksempel frå Ålesund under.
Ta med
Gode sko
Lette treningsklede
Drikkeflaske
Handduk
Hjarterehabiliteringa tilbyr vanlegvis tre forskjellige forløp. Kva slags forløp du får tilbod om blir bestemt ut ifrå tilvisinga og svara du gir på spørjeskjemaet.
Du betaler eigenandel på kroner 403,- for å delta i heile rehabiliteringsforløpet, uansett kva forløp du deltek i. Eigenandelen går inn i frikortet frå Helfo.
Forløpet kan variere litt frå stad til stad, eksempelet under er frå Ålesund.
Totalt 12 veker
8 veker med trening på sjukehuset
Vidare 4 veker heimetrening
Undervisinga er digital, i tillegg til eitt fysisk oppmøte
Individuell kartlegging og oppfølging med sjukepleiar
Individuell kartlegging og oppfølging med fysioterapeut
Første kondisjon- og hjartetest på tredemølle med EKG- og pulsregistrering i løpet av veke 1-3
Samtale med lege i løpet av forløpet
Vi legg opp til 2 treningar per veke med treningsrettleiing for riktig treningspuls, intensitet og styrketrening. Kvar trening varer i ca 75 minutt. Det er viktig å kombinere trening heime og hjarterehabilitering. Etter 8 veker skal du fortsette same trening heime i 4 veker. Dei vekene er viktig eigentrening for å lette arbeidet med å kome inn i gode vanar som du skal fortsette med etter rehabiliteringa. Forløpet blir avslutta med ein sluttsamtale og kondisjon- og hjartetest etter 12 veker.
Forløpet kan variere litt frå stad til stad, eksempelet under er frå Ålesund.
Totalt 12 veker
4 veker med trening på sjukehuset
8 veker med heimetrening og digital oppfølging
Undervising er digital, i tillegg til eitt fysisk oppmøte
Individuell kartlegging og oppfølging med sjukepleiar
Individuell kartlegging og oppfølging med fysioterapeut
Første kondisjon- og hjartetest på tredemølle med EKG- og pulsregistrering i løpet av veke 1-3
Samtale med lege etter hjartetest
Vi legg opp til éi trening per veke (onsdagar) med treningsrettleiing for riktig treningspuls, intensitet og styrketrening. Kvar trening varer i ca 75 minutt. Vidare 8 veker med eigentrening heime på same måte som øktene på sjukehuset. Du får nettbasert oppfølging kvar veke den perioden. Opplæring om korleis den nettbaserte oppfølginga og kommunikasjonen skal føregå vil du få hos oss. Treningsperioden skal gi deg gode vanar du skal fortsette med etter rehabiliteringa. Forløpet blir avslutta med ein sluttsamtale og kondisjon- og hjartetest etter 12 veker.
Forløpet kan variere litt frå stad til stad, eksempelet under er frå Ålesund.
5 veker trening på sjukehuset
Undervising og diskusjon i gruppe
Individuell kartlegging og oppfølging med sjukepleiar
Individuell kartlegging og oppfølging med fysioterapeut
Dei som er tilvist grunna hjartesvikt får individuell kartlegging og oppfølging med sjukepleiar
Vi har trening to dagar i veka med treningsrettleiing for riktig intensitet, styrke og tryggleik. Treninga skal opplevast frå moderat til anstrengande, og målet er at du skal bli andpusten og sliten. Kvar trening varer i ca 60 minutt.
Logg inn for å registrere dagens trening
Tilgjengeleg når du har starta opp rehabiliteringsforløpet.
Etter at du har delteke på hjarterehabiliteringa, bør du ha kome inn i eigne treningsvanar som du opprettheld vidare.
Dersom du vil halde fram med liknande hjartetreningsgruppe, kan du få informasjon om kommunale og private treningsgrupper du kan delta i.
Kunnskapen og erfaringa du får på hjarterehabiliteringa skal gjere deg trygg på å belaste hjartet. Etablerte rutinar gjer at du vidare kan pleie hjartet i kvardagen, ved hjelp av gode livsstilsvanar.
Etter rehabilitering er det viktig med regelmessig kontroll og oppfølging av blodprøver og blodtrykk hos fastlege.
Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.
Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering
HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget.
Oversikt over sjukehusområdet
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
07.30–15.30
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved hovudinngangen.
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje, fløy M. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset.
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 16 km frå sjukehuset.
Kristiansund lufthavn, Kvernberget ligg om lag 48 km frå sjukehuset.
Parkering
Det blir ca 1200 parkeringsplasser ved SNR Hjelset. Sjå eigen informasjon under Kart og parkering.
Parkering
Vi har fått automatisk skiltgjenkjenning som registrerer deg når du kjem. Etter besøket kan du gå til betalingsautomat, registrere bilnummeret og betale for tida du har parkert.
Du finn parkeringsområde nord (P3) og nordvest (P2) for sjukehuset. HC-parkering finn du også like ved hovudinngangen. Parkeringsområdet ved Hjelsetvegen (P12) er tilgjegeleg både for tilsette og besøkande.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Etasjeoversikt SNR Hjelset.pdfEi skisse som viser fløy-inndelinga av sjukehuset og kva avdelingar du finn i dei ulike etasjane.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Like innom hovudvestibylen i 2. etasje finn du Kafé SNR. Her tilbyr vi lunsj- og middagsrettar, stor salatbar, kaker, fast food og påsmurt bakst.
Opningstider
Mandag - fredag: kl 9:00-20:00
Laurdag og søndag: kl 10:00-18:00
Kiosk
Ved SNR Hjelset har vi også kiosk 24/7 i form av smarte vareskap og drikkeautomatar på sjukehuset. Her får du kjøpt drikke, sjokolade, snacks, gåveartiklar og matrettar frå kjøkkenet. Vi har også Espresso House Barista stasjon.
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.
Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under.
Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ
Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking.
Hovudinngang
Akuttmottak
Volda DPS
BUP
Grøn markering: Parkering for pasientar og besøkande
Oransje markering: Parkering for HC
Raud markering: Parkering for blodgivarar (ingen avgift)
Lilla: Ladestasjon
P: Parkeringsautomatar
Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
På barselavdelinga gjeld følgjande besøkstider
For partnar som ikkje er innskriven i avdelinga saman med mor er kjernetida for besøk mellom kl 10.00-20.00.
Besøkstid for søsken og besteforeldre mellom kl 17.00 og 18.00.
Vi anbefaler ro rundt mor og barn i barseltida på sjukehuset.
Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.
Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.
Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.
Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
08.00–16.30
Kantina
Hos oss får du god heimelaga mat til gode prisar.
Middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00. I tillegg har vi litt kioskvarer, krigler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.