Diagnose

Hjerneslag ved Ålesund sjukehus

Det er hovudsakleg to årsaker til hjerneslag: Ein blodpropp som blir sitjande fast i ei blodåre (hjerneinfarkt), eller ei blodåre som sprekk (hjernebløding). Hjerneslag er den tredje vanlegaste dødsårsaka i Noreg. Mange kan reddast berre dei kjem raskt nok til sjukehus.

Hjerneslag oppstår plutselig, og skyldes en blodpropp eller en blødning i hjernen.

Les meir på helsenorge.no

Symptom

I utgangspunkt kan all plutseleg tap av funksjon vere forårsaka av hjerneslag. Dei mest vanlege symptoma er (anten åleine eller i kombinasjon):

  • plutseleg ansiktslamming på den eine sida (facialisparese)
  • lamming i arm og/eller bein på éi side
  • språkproblem: anten problem med å seie setningar eller utydeleg tale

For fastlegar ved mistanke om hjerneslag:

Innlegging i sjukehus:

RAUD respons: Alle pasientar med akutte slagsymptom kan vere aktuelle for behandling med trombolyse eller endovaskulær behandling. Ambulansepersonell eller lege ringjer omgåande sjukehuset og fører pasienten raskast mogleg til akuttmottaket. Desse skal leggjast inn direkte på raskaste måte etter varsling av AMK som utløyser trombolysevarsel til trombolyseteamet på sjukehuset. Transport skal skje anten med ambulanse eller luftambulanse. Dersom pasienten ikkje kan vere i akuttmottaket innan 30-45 min, må luftambulanse vurderast dersom det sparer tid. Opplysningar om eksakt symptomdebut og aktuelle medikament (antikoagulasjon), komorbiditet, funksjonsnivå og telefonnummer til nærmaste pårørande, bør følgje pasienten eller givast telefonisk dersom det er mogleg. Denne informasjonen har stor verdi når trombolyseindikasjon skal vurderast etter framkomst på sjukehuset.

GUL respons: Pasientar med akutte slagsymptom der det er gått over 4 timar sidan symptomdebut, skal leggjast inn direkte på raskaste måte etter varsling av AMK og kan vere aktuelle for behandling med trombolyse (utvida tidsvindauge) eller trombektomi. Transport bør skje med ambulanse. Opplysningar om eksakt symptomdebut og aktuelle medikament (antikoagulasjon), komorbiditet, funksjonsnivå og telefonnummer til nærmaste pårørande, bør følgje pasienten eller givast telefonisk. Pasienten blir omgåande vurdert og avgjerda om det ligg føre trombolyse eller trombektomi-indikasjon blir stilt etter initial klinisk og radiologisk vurdering.

Utgreiing

Ved mistanke om hjerneslag startar behandlinga allereie i ambulansen. Her blir ulike målingar gjorde, og du blir overvakt under transport til sjukehuset. Du blir førebudd for mottak av hjerneslagteamet i akuttmottaket.

Hjerneslagteamet står klar når pasienten kjem. Teamet utfører omgåande ei klinisk nevrologisk vurdering og vurderer aktuelle moglegheiter for behandlinga. Før behandling blir det teke ein bilete (CT og/eller MR) av hjernen.

Bileta frå undersøkinga inneheld som regel ein angiografi, ei framstilling av blodårer i hjernen. Undersøkinga avklarer om pasienten har ei bløding eller infarkt, og om blodårane i hjernen er opne. Vidare behandling er avhengig av kva bileta viser.

Dei første undersøkingane i akuttmottaket inneheld mellom anna:

Ved behov vil det bli gjort fleire undersøkingar.

Behandling

Vi startar akuttbehandling, overvaking og rehabilitering for å hindre komplikasjonar og fremje funksjon så rask som mogleg.

Hjerneinfarkt

Dersom det er ein blodpropp som stoppar blodsirkulasjonen, og du kjem tidsnok til sjukehus, kan det vere mogleg å gi blodproppløysande behandling (intravenøs trombolyse). Behandlinga skal løyse opp tromben som blokkerer blodsirkulasjonen og skaden i hjernen kan dermed avgrensast. I nokre tilfelle kan denne behandlinga også hindre at det blir skade. Effekten av behandlinga er størst om ho blir gitt så tidleg som mogleg etter symptomdebut.

Hjernebløding 

Symptom på hjerneinfarkt (manglande blodtilførsel) og symptom på hjernebløding er like. Dei kan ikkje skiljast ved klinisk undersøking, og bilete av hjernen må takast for å sjå om det er hjerneinfarkt eller hjernebløding.

Det finst ulike typar hjernebløding: 

Blødingar i hjernevev (intraparekymale/intracerebrale blødingar), blødingar mellom hovudskalle og hjernen (subdurale eller epidurale blødingar, og subaraknoidalblødninger/aneurysmeblødninger).

Behandlinga av hjernebløding er avhengig av kva type hjernebløding som blir påvist. Behandlinga består av operasjon eller konservativ behandling. Konservativ behandling inneber som oftast intensiv hjerneovervaking og tidleg og nøyaktig blodtrykkskontroll.

Det er like viktig for pasientar med hjernebløding å komme raskt til behandling som det er for pasientar med hjerneinfarkt. Den vidare oppfølginga er ulik. Pasientar med gjennomgått hjernebløding blir som oftast ikkje behandla med blodfortynna medisin.

Alle slagpasientar (hjernebløding/hjerneinfarkt)

For alle slagpasientar er det viktig med hjerneovervaking under innlegginga, spesielt det første døgnet. Dette inneber nøyaktig kontroll av blodtrykk, kroppstemperatur, blodsukker, oksygenmetting og hjarterytme. Ultralydundersøkingar blir brukte til å bedømme og overvake blodtilførselen og for å overvake pasienten. 

Alle pasientar får ein gjennomgang av risikofaktorar og individuell behandling når det gjeld desse. Dei fleste pasientar får medisinar som reduserer risiko for nye hendingar.

Så fort tilstanden tillèt det, og helst i første døgn etter slaget, startar vi med mobilisering og rehabilitering. Eit tverrfagleg team som består av terapeutar, sjukepleiarar og legar kartlegg behovet for oppfølging og startar opptreninga dersom det er nødvendig. Opptreninga held fram etter utskrivinga frå sjukehuset. Opptreninga bidreg til å førebyggje komplikasjonar og vinne tilbake funksjon, og er ein viktig del av slagbehandlinga.

Når språksenteret i hjernen blir ramma, kan du få vanskar med å snakke eller forstå. Dette blir kalla afasi. Ofte kan det også vere vanskeleg å lese og skrive for den som har afasi. Somme har vanskeleg for å uttale ord tydeleg fordi tunga delvis er lamma eller munnvika heng.

Utydeleg tale blir kalla dysartri. Dei fleste som får afasi og/eller dysartri blir viste og blir følgde opp av logoped. Ved afasi og dysartri kan det vere vanskeleg å forstå kvarandre og misforståingar kan oppstå. Det er viktig å bruke god tid i kommunikasjonen, og bruk gjerne kroppsspråk.

Mange får svelgvanskar etter hjerneslag. Dersom det ikkje blir teke omsyn til svelgvanskane, er det stor risiko for å få lungebetennelse som vil forlengje restitusjonen. Alle slagpasientar blir vurderte med tanke på svelgvanskar, og får tilpassa kost etter svelgjefunksjon.

Personalet på sjukehus gir rettleiing i kva slagpasientar kan ete, og ofte får du også rettleiing frå ernæringsfysiolog. Dei som har så store svelgvanskar at dei ikkje kan ete eller drikke sjølv, får lagt ned ein ernæringssonde som dei får sondemat på.

Slagpasientar med svelgvanskar står i fare for å utvikle underernæring, så det er derfor viktig å velje næringsrik kost.

 

Oppfølging

Når du er i gang med rehabiliteringa, er ferdig utgreidd og har starta med førebygging av nye slag, blir du vurdert som klar for utskriving. Det er individuelt kor lang tid det tek.

Etter utskriving får dei fleste pasientar med hjerneslag ein kontroll ved lokalsjukehuset sitt 3 månadar etterpå. Ved behov kan det avtalast tidlegare eller fleire kontrollar.

Plan vidare

Dei aller fleste kjem heim til eigen bustad etter eit hjerneslag, anten direkte eller via eit rehabiliteringsopphald. Somme har då behov for kommunale tenester. For dei som blir så hardt ramma av hjerneslaget at dei vil ha behov for hjelp og omsorg gjennom heile døgnet, vil sjukeheimar vere det beste tilbodet.

Ofte er det ventetid på kommunal institusjonsplass. Pasientar som er utskrivingsklare og ventar på korttidsplass i sjukeheimar, kan bli flytta over til anna avdeling på sjukehuset. Dette er for å frigjere plass til nye pasientar med hjerneslag.

Utreisedagen blir det ført ein utskrivingssamtale med lege der det er mogleg for pårørande å delta. Under samtalen får de informasjon munnleg og skriftleg. De får reseptar, og det er viktig at medisinane blir henta på apoteket same dagen, slik at behandlinga som starta på sjukehuset ikkje blir avbroten.

Ver merksam

Er det plutseleg vanskeleg å prate, smile eller løfte armane? Det kan vere hjerneslag. Ring 113 – kvart sekund tel.

Kontakt

Ålesund sjukehus Medisinsk sengepost 5 Ålesund

Kontakt Medisinsk sengepost 5 Ålesund

Oppmøtestad

Medisinsk sengepost 5 ligg i 3. etasje i høgblokka.

Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ ​

Endra parkeringsområde og stengd inngang nord (poliklinikkinngangen) 

20. november 2023 stengde vi Inngang nord (poliklinikkinngangen) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging. Under får du oversikt over dei nye parkeringsområda og korleis du lettast kjem til hovudinngangen.  

Kart
Stengd inngang er markert med raudt kryss. 

Markerte område på bildet

  • Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande
  • Gul markering: HC-parkering
  • Raud markering: Parkering for blodgivarar
  • Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis
  1. Hovudinngang
    Merk av- og påstiging "kyss og køyr sone" utanfor barne- og ungdomsavdelinga
  2. Administrasjonsbygget
  3. Akuttmottaket
  4. Alderspsykiatrisk døgn
  5. Alderspsykiatrisk poliklinikk
  6. Apotek
  7. Audiopedagogen
  8. Barne- og ungdomsavdelinga
  9. BUP
  10. Dagkirurgi Aust
  11. Habiliteringsbygget
  12. Kreftavdelinga
  13. Psykisk helsevern døgn
  14. Psykisk helsevern poliklinikk
  15. UPA
  16. Åse hotell
  17. Åsebøen 1
  18. Åsebøen 5

Besøkande ved habiliteringsbygget, pårørande til barn ved audiopedagogen og barne- og ungdomsavdelinga kan få spesialbevis ved å ta kontakt med avdelingane.  

 

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​​Besøkstida er kl. 17.00-19.00 alle dagar. ​

​Det er viktig at du tar med deg ei oppdatert medisinliste, som viser kva medisinar du bruker.

Frukost kl 08:00 - 09:00

Lunsj kl 12:00 - 13:00

Middag kl 15:30 - 16:30

​Dersom du går ut av avdelinga må du på førehand avtale dette med pleiepersonalet. Om du ønskjer det, og behandlande lege tillet det, kan du få permisjonar over kortare tidsrom. Transportutgifter i samband med permisjonar må du dekke sjølv.

​Ta med behagelege klede, innesko og toalettsaker. Sjukehuset tar ikkje ansvar for pengar og verdisaker du har med.

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

 

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

 

 

 

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Kurs