Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Korleis hjelpe barnet ditt ved undersøkingar og behandlingar som kan gjere vondt

Alle barn vil i løpet av oppveksten gå gjennom ulike undersøkingar og behandlingar, for eksempel å få vaksine, behandle sår eller å ta blodprøve. Dersom barnet ditt har ein sjukdom, må det kanskje gå gjennom fleire undersøkingar og behandlingar som kan vere smertefulle og/eller som framkallar angst både hos foreldre og barn. Her får du nokre råd som kan vere med på å gjere slike situasjonar mindre smertefulle og angstframkallande.

Når barn er i ein situasjon som framkallar stress og angst vil dei søke hjelp hos foreldra sine for å forstå kva som skjer og korleis dei skal handtere situasjonen. Forsking viser at sjølv enkle ting som foreldre seier eller gjer, kan påverke opplevinga til barnet av smerte. Undersøkingar og behandlingar som vaksne synest er ufarlege/uproblematiske, kan for barn vere veldig skremmande.

Hugs at all smerte er fysisk og psykisk, og smerteopplevinga blir styrt av hjernen. Kjensler og tankar kan derfor både auke og redusere smerteopplevinga.

Før

Før ei smertefull undersøking eller behandling anbefaler vi:

  1. lokalbedøvande krem/plaster (EMLA)
  2. sukkervatn/amming (0–1 år)
  3. ei trygg stilling for barnet
  4. avleiing

Dersom dette ikkje er tilstrekkeleg, kan vi gi ein avslappande medisin eller lystgass. I sjeldne tilfelle legg vi barnet i narkose.

Forklar kva som skal skje på ein måte som barnet forstår

Bruk tid på å fortelje at du vil vere til stades og at du og legen/sjukepleiaren er der for å hjelpe.

Spør barnet om det har nokre spørsmål

Usikkerheit og misforståingar kan forverre opplevinga av smerte. Det er derfor viktig at du prøver å finne ut kva slags tankar barnet gjer seg om det som skal skje og kva han/ho er redd for eller fryktar mest.

Gi ærlege svar

Dersom barnet spør om det vil gjere vondt, svarer du at det kan vere ubehageleg eller litt vondt, men at vi vil gjere alt vi kan for at det skal bli så lite vondt som mogleg.

Gi barnet realistiske valmoglegheiter

La gjerne barnet velje kva bamse eller leike det vil ha med under undersøkinga eller behandlinga, om han/ho skal sitte aleine på ein stol, i fanget ditt eller ligge i ei seng. Barnet kan likevel ikkje avgjere om vi skal gjennomføre undersøkinga eller behandlinga.

Sei at du er sikker på at barnet klarer å gjennomføre undersøkinga eller behandlinga

Det er veldig viktig for opplevinga til barnet av smerte (og seinare sjølvkjensle og åtferd) at foreldra viser tillit til at barnet vil meistre ein vanskeleg situasjon. Gi tydeleg uttrykk for dette.

Ver roleg og meistre angsten du sjølv eventuelt kjenner

Ver merksam på eige ansiktsuttrykk og kroppsspråk. Kjenner du at du begynner å miste kontrollen, fokus på å puste djupt og roleg. Roa di er viktig for å roe barnet ditt.

Fortel personalet om dine eigne erfaringar

Vi vil gjerne ha kjennskap til dine og barnets erfaringar med tidlegare undersøkingar og behandlingar. Vi kjenner undersøkinga/behandlinga, du kjenner barnet ditt. Saman kan vi legge ein plan for korleis vi løyser oppgåva på ein best mogleg måte.

Under

Fysisk kontakt hjelper

Dei minste barna kan sitte på fanget. Forsøk å oppmuntre barnet til å samarbeide med personalet. For mykje trøyst signaliserer til barnet at det som kjem til å skje er noko å vere redd for.

Ver merksam på negative tankar og språkbruk

Forsøk å uttrykke deg positivt. Sei for eksempel «du klarer det» i staden for «du treng ikkje å vere redd».

Støtt barnet i måten det ønsker å gjennomføre undersøkinga eller behandlinga på

Nokre barn vil sjå på, andre vil ikkje. Nokre barn vil høyre ei historie, andre vil blåse såpebobler eller sjå på eit nettbrett.

Nytt evna barnet har til å fantasere

Mange barn liker å fantasere, noko som kan bidra til at det klarer å gjennomføre undersøkinga eller behandlinga. Det kan vere ei form for fantasireise. Ei fantasireise er ei forteljing som du startar og som barnet kan delta i. Det kan vere ei reise til ein stad barnet liker seg veldig godt, ønsker å reise til eller ei verd barnet er opptatt av.

Be barnet gå i detaljar og beskrive kva det opplever (fargar, stemmer, lyder, lukter, smak og kjensler). Bruk gjerne humor. Personalet hjelper også gjerne til.

Kroppsspråket ditt er viktig!

  • Få augekontakt med barnet ditt
  • Fysisk kontakt kan verke roande
  • Slapp av i kroppen

Hvilket kroppsspråk bruker du for å få barnet ditt til å smile?

Språk og åtferd som kan hjelpe

  • Snakk om noko anna enn undersøkinga/behandlinga
  • Bruk humor
  • Hjelp barnet ditt med å meistre smerta

Eksempel:

«Tenk om du er Supermann, og dette er ei styrkeprøve»

«Kva kake skal eg bake til bursdagen din?»

«Trekk pusten djupt!»

«Skal vi spele Angry Birds?»

«Vil du synge ein song?»

«Skal vi dra innom leikeplassen på veg heim?»

«Hugsar du da vi var på ferie…?»

Språk og åtferd som kan forverre

  • kritikk
  • unnskyldningar
  • overdriven medkjensle
  • avdemping og/eller forsikringar

Eksempel:

«Oppfør deg!»

«Nå er dei snart ferdige!»

«Er du ferdig?»

«Eg veit at det er vondt!»

«Eg synest også at dette er forferdeleg/fælt!»

«Eg kjøper ei gåve til deg om du sit stille»

«Ikkje ver redd!»

Tankar hos litt større barn

Negative eller positive tankar? Nedanfor viser vi nokre eksempel på vanlege negative tankar og korleis dei kan snuast til positive tankar:

  • Det hjelper garantert ikkje! → Eg har klart smerte før. Eg klarer det igjen!
  • Eg vil ikkje meir! → Snart er eg på veg heim!
  • Eg hatar det! → Eg kan klare det!
  • Eg vil ikkje! → For kvar gong eg klarer dette, går det litt betre!

Etter

Ros barnet for å ha klart å gjennomføre undersøkinga eller behandlinga. Fortel kor stolt du er og kor flink barnet ditt har vore. Vi har også ein liten premie som ventar.

Hugs!

  • Det kan vere nødvending å gjenta undersøkinga eller behandlinga som eit ledd i oppfølginga av barnet.

  • Ikkje la undersøkinga eller behandlinga få for stor merksemd. Forsøk å vende tilbake til normale rutinar så raskt som mogleg.

  • Nokre barn vil ha behov for å snakke om det som har skjedd seinare eller sette ord på kva det opplevde gjennom å teikne.

  • Bevar ein positiv og optimistisk innstilling.

  • Både barn, foreldre og personalet kan lære å forandre åtferda si.

Vi som jobbar med barn og ungdom gir gjerne råd dersom du lurer på korleis du skal forhalde deg under undersøkinga eller behandlinga som barnet ditt skal gå gjennom.

Innhaldet på denne sida er basert på informasjon frå Videnscenter for Børnesmerter ved Rigshospitalet i Danmark, og godkjent for bruk i Noreg.

Sist faglig oppdatert 26.09.2025

Kontakt

Ålesund sjukehus Poliklinikk barn og ungdom Ålesund

Kontakt Poliklinikk barn og ungdom Ålesund

Oppmøtestad

Poliklinikken held til i barne- og ungdomsavdelinga, eit eige bygg på sørsida av Ålesund sjukehus.

Adresse

Opningstider

  • I dag 08:00 - 16:00
Hovudinngangen sett frå utsida.

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Parkering

Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.

Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

Betalingsalternativ
  • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
  • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
  • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
  • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering

HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

Oversikt over sjukehusområdet

Oversikt over sjukehusområdet - Ålesund sjukehus
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.  

Kart

For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

Finn fram på sjukehuset med Mazemap

 

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1b
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 16
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. 

Fly

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell

 

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kafé

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.