Det er viktig at fingrane dine er varme før undersøkinga. Du må derfor vere i romtemperatur i minst 15 minutt før undersøkinga startar.
Du må ikkje røyke siste timen før undersøkinga fordi det kan føre til samantrekking av dei små blodårane vi skal undersøke. Du bør ikkje ha på deg naglelakk fordi det kan dekke over blodårane.


