Ved brystkreft og enkelte tilfelle av forstadium til brystkreft, er det viktig å finne ut om det er spreiing av brystkreftceller til nærliggande lymfeknutar. For å operere så skånsamt som mogleg har ein utvikla ein metode som blir kalla vaktpostlymfeknutebiopsi.
Vaktpostlymfeknutebiopsi
Det finst ein første lymfeknute (vaktpostlymfeknute) i aksillen som drenerer lymfa frå brystet, og status til denne lymfeknuten reflekterer status for dei andre lymfeknutane som drenerer frå same område. Vaktpostlymfeknuten er den første lymfeknuten som tar imot brystkreftceller. Dersom vaktpostlymfeknuten ikkje inneheld brystkreftceller, vil resten av lymfeknutane i aksillen mest sannsynleg vere frie for kreftceller og aksilledisseksjon vil vere unødvendige.
Det blir nytta to metodar for påvising av vaktpostlymfeknuten, radioaktivitet og blåfarge. Radioaktiv isotop, blir som regel injisert dagen før operasjonen og etter injeksjonen blir det gjord lymfoscintiografi. I tillegg blir det også sett eitt blått fargestoff inn i brystet under operasjonen. Dette blir soge opp i lymfebanane og er også eit hjelpemiddel for å finne vaktpostlymfeknuten.
Ved inngrepet blir blå og/eller radioaktive lymfeknutar tatte ut sende til histologisk undersøking, eventuelt frysesnitt.
Blåfargen skilst ut via nyrene og gjer at urin og avføring blir blågrøn eitt døgns tid etter operasjonen. Huda kan også få eit gråblått skjer dei første timane etter operasjonen.
Aksilledisseksjon
Ved aksilledisseksjon blir alt feittvevet med tilhøyrande lymfeknutar i armhola fjerna.
Det blir som regel lagt inn eit dren (plastslange) i såret i samband med operasjonen for å drenere sårvæske. Drenet blir som regel fjerna etter 1–2 dagar.