Kreft i endetarmen - kva no?
Informasjon til deg som skal til behandling/kirurgi for kreft i endetarmen.
Det er oppdaga kreft i tarmen din og du skal til behandling, anten i form av kjemoterapi, stråleterapi eller kirurgi. For deg er det no viktig å vere nøye med kva du et, vere i aktivitet og ha eit godt støtteapparat rundt deg.
Vi tilbyr prehabilitering før kirurgisk behandling. Det vil seie at du vil få innkalling til ulike aktivitetar ut frå behova dine, for å sikre at du møter best mogleg førebudd til behandling og dermed kjem raskare tilbake til utgangspunktet ditt.
Viktige delar av prehabiliteringstilbudet er:
- Ernæring
- Fysisk aktivitet
- Geriatrisk vurdering
- Røykeslutt
- Pasientforberedende kurs
Du vil få innkalling til det som er aktuelt for deg. På denne sida nemner vi nokre viktige element som du kan fokusere på i tida framover.
1. Prøv å oppnå energibalanse
Unngå vekttap og slanking. Dette er ikkje tida for å gå raskt ned i vekt. Stabil vekt viser at du eit så mykje energi som kroppen treng.
2.Ét proteinrikt
Proteiner utgjer viktige byggjesteinar i kroppen og er viktige for å byggje opp og halde ved like musklar, skjelett og hud.
Proteinkjelder: Reint kjøtt, fisk, egg, ost, mjølk og meieriprodukt. Bønner og linser er også gode proteinkjelder, men kan vere tungt fordøyeleg for tarmen din no. Har du tronge parti i tarmen din, bør stavmiksar nyttast.
3. Frukt og grønsaker
Mål: 5 om dagen! Spis frukt og/eller grønsaker til kvart måltid, eller som mellommåltid.
4. Grove kornprodukt
Regelmessig inntak av grove kornprodukt bidreg til auka fiberinntak. Det hjelper til ei regelmessig fordøying. Brødskalaen gjer det lettare å velje det grove brødet. Fullkornsris, pasta og grov kornblanding er også fiberrikt. Ved tronge parti i tarmen blir frukt tilrådd og grønsaker som lett lèt seg tyggje. Og grove kornprodukt utan heile korn og frø.

Foto: Colourbox.com
Operasjonen du skal gjennom er ei stor belastning for kroppen. Jo betre form du er i før operasjonen, desto betre rusta vil kroppen vere til å tole påkjenninga.
For å betre kondisjonen og bli sterkare, må du vere fysisk aktiv og trene. Vi tilrår at du bruker tida fram til operasjonen til å trene regelmessig for å betre kondisjonen og auke muskelstyrken.
Treningsintensitet
Moderat intensitet
Høg intensitet
Kvifor trene medan du ventar på operasjonen?
- Du får større reservar å ta av etter operasjonen
- Du reduserer faren for komplikasjonar
- Du kjem deg ofte raskare i gang etter operasjonen

Foto: Colourbox.com
Vi tilrår at du sluttar å røyke før operasjonen. Halvparten av komplikasjonane etter kirurgi kan unngåast om du er røykfri. Vi tilrår at du går inn på nettsida slutta.no for hjelp i prosessen. I tillegg tilbyr vi individuelle samtalar for røykeslutt. Du vil få innkalling til dette.

Foto: Colourbox.com
Å få ein kreftdiagnose kan snu livet på hovudet. Mange opplever uvisse, spørsmål og behov for støtte. Vardesenteret, eit samarbeid med Helse Møre og Romsdal og Kreftforeningen, tilbyr pasientførebuande kurs til alle nydiagnostiserte kreftpasientar i fylket. Det skal gi deg og dine pårørande kunnskap, tryggleik og verktøy for å handtere kvardagen best mogleg.
Vardesenteret arrangerer kurs kvar tredje tysdag. Du får automatisk innkalling via HelsaMi.
Vi ønsker å rette ei stor takk til Akershus universitetssjukehus (Ahus) for at vi fekk bruke Pasientens bok frå deira prehabiliteringsforløp som inspirasjon i arbeidet med pasientinformasjonen på denne sida.