Pasientkurs

ADHD - foreldre/foresatte - Volda - Digitalt

Opplæring for foreldre/foresatte til born med ADHD.

28.
februar
2024
  1. 28. feb. 2024

Tid og stad

Når

  1. 28. feb. 2024

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret

Kvar

Volda sjukehus
BUP Volda

Ynskjer du/dykk å delta på opplæringa, ta kontakt med fastlegen din for tilvising, sendast elektronisk til Psykisk helsevern for barn og unge, Poliklinikken i Volda (BUP).

Er familia i behandling i spesialisthelsetenesta ved Klinikk for psykisk helse og rus treng de ikkje ny tilvisning.

Kurset haldast fortrinnsvis digitalt og går over ein dag. De får tilsendt lenke til kurset i e-post etter du er tilvist.

Kvifor delta på kurs

Foreldre/føresette som ynskjer kunnskap om ADHD og forståing for utfordringar i forhald til barnets diagnose.
Dagane vil veksle mellom informasjon og samtale i gruppa om korleis ein kan meistre kvardagen.
Vi oppmodar begge foreldre til å delta på opplæringa.

Innhald

Kurset vil omhandle fylgjande aktuelle tema:

• Om diagnose og diagnosekriteriar
• Medikamentell behandling
• Syskjen til born med ADHD
• Informasjon frå ADHD Norge
• PMTO - foreldrerettleiing

Detaljert program vert utdelt på kurset.

Praktiske opplysningar   

Pasient/pårørande som allereie er under behandling ved BUP må sjølv melde seg på opplæringa:  

Ta kontakt på tlf. 70 05 85 70, oppgi namn på barnet, fødselsdato, diagnose, foreldre/føresette, adresse, e-post og telefonnr. eller send påmelding til:           

Helse Møre og Romsdal HF, Psykisk helsevern for barn og unge, Poliklinikken i Volda (BUP).
Postboks 113,6101 Volda.

Det er bindande påmelding.
Om du likevel ikkje kan møte på opplæringa må du ta kontakt med poliklinikken snarast og seinast innan 24 timar før på telefon. Dersom du ikkje avbestiller vert du belasta med eit gebyr.

Rettar, eigenandel og opplæringspengar

Ingen eigenandel.

Det kan søkjast om opplæringspengar for deg som er yrkesaktiv og som har omsorg for et longvarig sjukt eller funksjonshemma barn. Opplæringspengar bereknast på same måte som sjukepengar, og skal erstatte tap av arbeidsinntekt ved fråvær frå arbeid for å vere med under opplæringa.

Lenke til informasjon om opplæringspengar og andre rettar finn du her

Nyttige lenker

Støtteordningar for familiar (e-læringskurs frå St.Olavs)

ADHD Norge

Mental helse ungdom

Kontakt

Relevante behandlingar