Tid og stad
Når
- 28. feb. 2024
Type arrangement
Arrangør
Kvar
Volda sjukehusKurset haldast fortrinnsvis digitalt og går over ein dag. De får tilsendt lenke til kurset i e-post etter du er tilvist.
Kvifor delta på kurs
Foreldre/føresette som ynskjer kunnskap om ADHD og forståing for utfordringar i forhald til barnets diagnose.
Dagane vil veksle mellom informasjon og samtale i gruppa om korleis ein kan meistre kvardagen.
Vi oppmodar begge foreldre til å delta på opplæringa.
Innhald
Kurset vil omhandle fylgjande aktuelle tema:
• Om diagnose og diagnosekriteriar
• Medikamentell behandling
• Syskjen til born med ADHD
• Informasjon frå ADHD Norge
• PMTO - foreldrerettleiing
Detaljert program vert utdelt på kurset.
Praktiske opplysningar
Pasient/pårørande som allereie er under behandling ved BUP må sjølv melde seg på opplæringa:
Ta kontakt på tlf. 70 05 85 70, oppgi namn på barnet, fødselsdato, diagnose, foreldre/føresette, adresse, e-post og telefonnr. eller send påmelding til:
Helse Møre og Romsdal HF, Psykisk helsevern for barn og unge, Poliklinikken i Volda (BUP).
Postboks 113,6101 Volda.
Det er bindande påmelding.
Om du likevel ikkje kan møte på opplæringa må du ta kontakt med poliklinikken snarast og seinast innan 24 timar før på telefon. Dersom du ikkje avbestiller vert du belasta med eit gebyr.
Rettar, eigenandel og opplæringspengar
Ingen eigenandel.
Det kan søkjast om opplæringspengar for deg som er yrkesaktiv og som har omsorg for et longvarig sjukt eller funksjonshemma barn. Opplæringspengar bereknast på same måte som sjukepengar, og skal erstatte tap av arbeidsinntekt ved fråvær frå arbeid for å vere med under opplæringa.
Lenke til informasjon om opplæringspengar og andre rettar finn du her
Nyttige lenker
Kontakt
BUP Volda
70 05 85 70