Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Cøliaki - SNR Hjelset

Cøliakikurs er eit kurs for personar med nyoppdaga cøliaki. Kurset gir ei innføring i sjukdommen slik at ein skal kunne meistre livet med diagnosen betre. Pårørande kan vere med på kurset.

2.
juni
2026
3 dagar
  1. 02. juni 2026, 09:00 - 11:00
  2. 01. sep. 2026, 09:00 - 11:00
  3. 24. nov. 2026, 09:00 - 11:00

Tid og stad

Når
  1. 02. juni 2026, 09:00 - 11:00
  2. 01. sep. 2026, 09:00 - 11:00
  3. 24. nov. 2026, 09:00 - 11:00
Kvar
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset
Møterom: Vengetind - 3. etg.

Kurstilbodet krev tilvising frå behandlande lege eller fastlege. Henvisning sendast elektronisk til ernæringsfysiologi, SNR.  

Kvifor delta på kurs

Hovudmålet er at pasientar med cøliaki vert godt rusta til å meistre sin sjukdom på best mogleg måte. Det vert lagt vekt på kunnskap om og oppfølging av sjukdomen, glutenfri diett, meistring av tilstanden, samt praktisk informasjon og råd.

Innhald

  • Om sjukdommen. Kva er cøliaki og behandling.
  • Glutenfritt kosthald.
  • Erfaringsutveksling.

Praktiske opplysningar

Kurset blir gjennomført kvar tredje månad. Kl. 09.00-11.00.
Du kan anten delta fysisk eller digitalt.

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring.
Lenke til utfyllande informasjon om rettar finn du her

Nyttige nettsider

Norsk cøliakiforening