Tid og stad
- Når
-
- 02. juni 2026, 09:00 - 11:00
- 01. sep. 2026, 09:00 - 11:00
- 24. nov. 2026, 09:00 - 11:00
- Kvar
- Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset
- Møterom: Vengetind - 3. etg.
Kvifor delta på kurs
Hovudmålet er at pasientar med cøliaki vert godt rusta til å meistre sin sjukdom på best mogleg måte. Det vert lagt vekt på kunnskap om og oppfølging av sjukdomen, glutenfri diett, meistring av tilstanden, samt praktisk informasjon og råd.
Innhald
- Om sjukdommen. Kva er cøliaki og behandling.
- Glutenfritt kosthald.
- Erfaringsutveksling.
Praktiske opplysningar
Kurset blir gjennomført kvar tredje månad. Kl. 09.00-11.00.
Fysisk deltaking
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort eller er pårørande. Faktura sendes etter kurset.
Det er bindande påmelding. Ved ikkje møtt uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belastet med eit gebyr.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Informasjon om eigenandel og andre rettar finn du også på Helsenorge sine sider.
Egenandeler og pasientbetaling på sykehus og poliklinikk - Helsenorge.no