Tid og stad
Når
- 17. okt. 2023, 08:15 - 15:00
Type arrangement
Arrangør
Kvar
Ålesund sjukehusKVIFOR DELTA PÅ KURS
Målgruppa for kurset er foreldre/foresatte til barn og ungdom 0-18 år. Vi oppfordrar begge foreldre til å delta. Kurset er også eigna for besteforeldre, ansatte i skole, SFO og barnehage. Foreldre må sjølve invitere eventuelle fagpersonar i skule/barnehage rundt barnet/ungdommen. Barn under skolealder skal ikkje vere med.
På kurset vert det teke opp ulike tema der målet er å auke mestring og kompetanse til målgruppen ift dei utfordringar born og ungdom med cøliaki kan ha.
Nokre tema som kan vere aktuelle (med atterhald om endringar):
- Sjukdomslære/fysiologi
- Bakedemonstrasjon og spørsmål
- Kosthald ved cøliaki
- Meistring og rettar
- Utfordringar i kvardagen
- Norsk cøliakiforening (NCF)
Barnesjukepleiar, overlege, ernæringsfysiolog, brukarrepresentant frå Norsk Cøliakiforening og sosionom deltek på gruppeoppølæringa.
PRAKTISKE OPPLYSNINGAR
Kurset går over ein dag og er gratis. Pasient/foresatt blir registrert som polikliniske pasient. Pasient/foresatt OVER 16 år betaler eigenandel som per 2023 er satt til 386 kr.
Ta med eigen nistemat, det vert servert kaffi/te.
RETTAR OG EIGENANDEL
Du kan søke om opplæringspengar for deg som er yrkesaktiv og som har omsorg for et barn som er langvarig syk eller funksjonshemma. Andre rettar ved reise og opphald gjeld som ved polikliniske timar på sjukehuset.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
NYTTIGE NETTSIDER
Kontakt
Heidi Skillestad, barnesykepleier
70 16 75 50