Tid og stad
Når
- 14. nov. 2024
- 07. nov. 2024
Type arrangement
Arrangør
Kvar
Volda sjukehusKvifor delta på kurs
Med kurset ynskjer vi at du og dine pårørande skal få økt kunnskap om diabetes, korleis førebygge forverring og skape auka tryggheit, forståing og meistring i det å leve med diabetes.
Vi ynskjer også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar.
Vi oppmodar pårørande til å delta på opplæringa.
Innhald
Kurset tek særleg for seg karbohydrattelling og opplæring i ulike pumper.
Det kan bli satt opp eigne kurs knytt til ulike pumper/produsentar.
Praktiske opplysningar
Oppmøte for kursa er ved Volda sjukehus, Undervisningsrom ved Kløvertun.
Ta kontakt med medisinsk poliklinikk (diabetessjukepleiar Silje Flote) ved spørsmål.
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Nyttige nettsider
Kontakt
Silje Flote, diabetessjukepleiar
70058305