Tid og stad
- Når
- Gruppa går jamleg gjennom heile året og ein tek inn nye medlemmar når nokon sluttar/så fort der er ledig plass.
- Type arrangement
- Gruppeopplæring
- Arrangør
- Tilbodet er eit samarbeid mellom døgnavdelinga og poliklinikken
- Kvar
- Volda sjukehus
- ved Volda DPS Poliklinikk, Kløvertunvegen 1
Kvifor delta på behandlingstilbodet
Dialektisk atferdstearpi (DBT) er for deg som er diagnostisert med emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring og som har vanskar knytt til sjølvskading og/eller sjølvmordstankar, sterke og svingande følelsar og relasjonelle vanskar. Dersom desse vanskane skaper store problemer for deg på fleire livsområder, så kan DBT vere behandlinga for deg.
Innhald
I DBT har ein som mål å hjelpe pasientane å lære seg ulike ferdigheiter for å forstå og regulere sterke følelser, halde ut i kriser, samt ferdigheiter knytt til å setje grenser, skape og bevare relasjonar til andre menneske. Mindfulness (oppmerksomt nærver) er ein av kjerneferdigheitene i DBT. Dette handler om å trene oppmerksomheita til å vere her og no, samt innta ein open og ikkje-dømmande haldning.
Før-behandling:
Før oppstart i gruppe vil du få individuelle samtalar for kartlegging, meir informasjon om DBT og for å finne ut om DBT er den rette behandlinga for deg no. Dersom du får tilbod om vidare deltaking og du klarer å forplikte deg til behandlinga, vil du få tilbod om både individualterapi og gruppebehandling.
Individualterapi: vekentleg á 45 min
Ferdigheitstreningsgruppe: vekentleg á 2 timer
Behandlinga varer om lag 8 månedar. Det er møteplikt.
Gruppa består av maks 8 deltakarar.
Praktiske opplysningar
Ved poliklinikken vår er behandlinga retta mot voksne mellom 18-35 år som har diagnosa emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring.
Behandlaren din ved poliklinikken kan tilvise deg til DBT. Dersom du ikkje har ein behandlar, kan du bli tilvist til poliklinikken for å få ein vurdering om DBT-behandling kan vere noko for deg.
Rettar og eigenandel
Du betalar ein eigenandel/frikort som ved eit anna poliklinisk besøk.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Nyttige nettsider
Kontakt
DPS Volda
70058560