Tid og stad
Når
Type arrangement
Kvar
Molde sjukehusKvifor delta på kurs
Med kurset ønsker vi at du skal få auka kunnskap om hovudpine, korleis førebyggje forverring og skape auka tryggleik, forståing og meistring i det å leve med hovudpine / migrene.
Vi ønsker også at du skal få utveksle erfaringar i møte med andre med same utfordringar og plagar.
Innhald
-
Undervisning om hovuddpine.
-
Deltakarane fortel om sin hovudepine, avdelinga deltar med å avklare individuell diagnose og behandling.
-
Å leve med hovudpine i kvardagen.
-
Øvingar og avspenning.
-
Rettar.
Det er nevrolog, sjukepleiar og fysioterapeut som held kurset.
Praktiske opplysingar
Kurset går over ein heil dag og deretter ein halv dag med oppfølgingskurs etter tre månader.
Bevertning: Du må ha med matpakke sjølv. Kaffe, te og vann/juice vert servert.
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Nyttige nettsider
Kontakt
Marianne Undheim
71120476