Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

IBD - SNR Kristiansund

Eit kurstilbod til deg med inflammatorisk tarmsjukdom Ulcerøs Colitt eller Morbus Crohns. Pårørande er velkome til å delta.

Tid og stad

Når

Kurset haldes ved nok påmeldte.

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Kvar

SNR Kristiansund
Auditoriet ved SNR Kristiansund

Ønsker du/dykk å delta på opplæringa, ta kontakt med fastlegen for tilvising.

Tilvising skal sendast elektronisk til Medisinsk poliklinikk, SNR Kristiansund.

Oppgi om pårørande skal delta. Pårørande treng ikkje eiga tilvising.

Kvifor delta på kurs

Med kurset ynskjer vi at du og dine pårørande skal få auka kunnskap om di diagnose, korleis førebygge forverring og skape auka tryggleik, forståing og meistring i det å leve med ei diagnose.

Vi ynskjer også at du skal få møte andre med Ulcerøs Colitt eller Morbus Crohn og utveksle erfaringar.

Vi oppfordrar pårørande til å delta på opplæringa.

Innhald

Kurset har følgande tema:

  • Ulcerøs kolitt og Crohns sykdom Sykdomsforståelse,  medisinsk behandling og tilleggssykdommer
  • Kost og ernæringsveiledning
  • «Å leve med kronisk sykdom»
  • Informasjon om medisiner
  • Utfordringer i hverdagen med ulike tema – arbeid, familie, reiser , seksualitet mm

Praktiske opplysingar

Det blir servert enkel bevertning eller lunsj, nærmare informasjon om dette får du i innkallingsbrev. Faktura blir sendt i etterkant av kurset.
Husk å gi beskjed hvis du ikkje skal ha lunsj slik at du ikkje blir fakturert. 

Vennligst gi beskjed i god tid om det er spesielle behov vi skal ta hensyn til f. eks allergiar, hørsel, språk etc.

Parkering etter gjeldande reglement ved sjukehuset. Parkering må den enkelte ordne med selv.

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort eller er pårørande. Faktura sendes etter kurset.

Det er bindande påmelding. Ved ikkje møtt uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belastet med eit gebyr. 

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Informasjon om eigenandel og andre rettar finn du også på Helsenorge sine sider.
Egenandeler og pasientbetaling på sykehus og poliklinikk - Helsenorge.no

Nyttige nettsider

Mage- tarmforbundet (tidl. Landsforeningen mot fordøyelsessykdommer)

Kontakt

Relevante behandlingar