Tid og stad
Når
Type arrangement
Arrangør
Kvar
Ålesund sjukehusKvifor delta på kurs
Gruppeterapi er ei behandlings-form som har som mål å fremme betre sjølvforståing og å etablere betre løysingar på kjenslemessige og relasjonelle problem. Gjennom dette arbeidet er målet å redusere symptom og opne opp for personleg vekst og utvikling.
Innhald
I gruppemøta vil deltakarane utveksle erfaringar, tankar og kjensler med kvarandre. Gjennom responsen frå dei andre gruppemedlemmene og terapeuten, vil ein gradvis forstå og meistre ulike sider ved seg sjølv og i forhold til andre menneske. Nye medlemmar føler ofte situasjonen som uvant og vanskeleg, men med aukande tillit og gjensidig interesse i gruppa vil ein gradvis få hjelp til å uttrykke følelsar og tankar som har blitt undertrykt eller er overveldande.
Praktiske opplysningar
Gruppa møtast til faste tider ein gong i veka à 1 ½ time, til saman 25 gruppemøter.
Talet på deltakarar: 8 – 10 medlemmar i gruppa inkludert terapeuten/ terapeutane.
Rettar og eigenandel
Sjukemelding: Dersom du treng sjukmelding, kontakt fastlegen din.
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjonom eigenandel og andre rettar finn du her