Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Mentaliseringsbasert Psykopedagogisk kurs (MBT-P) - Ålesund

For personar med psykiske lidingar og relasjonelle vanskar.

Tid og stad

Når

Kurs kvart halvår, nytt kurs ved nok deltakarar.

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Gruppebehandlingsteamet

Kvar

Ålesund sjukehus
Oppmøte på Vaksenpsykiatrisk poliklinikk.. Det er i bygget som ligg nordaust for sjukehusblokkene.

Før oppstart i mentaliserings-basert psykopedagogisk gruppe må du ha fast behandlar spesialist-helsetenesta eks. ved Vaksenpsykiatrisk poliklinikk. 

Fastlegen din kan tilvise deg til slik behandlar som i samråd med deg tilviser til behandling i mentaliseringsbasert pedagogisk gruppe dersom det er aktuelt for deg. Tilvising skal sendast elektronisk til Psykiatrisk poliklinikk, Ålesund sjukehus 






Kvifor delta på kurs

Vi ønsker at kurset skal bidra til at du får auka forståing både for deg sjølv og andre i situasjonar der ein samhandlar. 
 
Mentalisering gir oss betre hjelp til å regulere følelsar gjennom å auke forståing av eigne og andre sine intensjonar og reaksjonar. På den måten kan ein unngå å misforstå kvarandre og ikkje legge til grunn anna hensikt enn det som var meint. 
 
Mentalisering kan beskrivast som evna til å sjå seg sjølv utanfrå, og å sjå andre innanfrå.

Innhald

Pedagogisk gruppe med undervisning og øvingar gjennom heimeoppgåver.
 
Fokus på 4 tema:
  •  Mentalisering
  •  Tilknytning
  •  Kjensler
  •  Gruppeterapi
Det er ikkje ei samtaleterapigruppe, men i kurset kan ein delta i utveksling om aktuelle tema.

Praktiske opplysningar

Gruppa møtast ein dag i veka ca 2 timar kvar gong, over 6 veker.
 
8 – 10 deltakarar per gruppe.

 

Rettar og eigenandel

Sjukemelding: Dersom du treng sjukmelding, kontakt fastlegen din.
 
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
 
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.
 
 

Nyttige nettsider

mentalisering.no

Kontakt